Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Turismo sostenible

Aquí puedes elegir trabajar con una de estas dos tareas relacionadas con el turismo sostenible.
Smilande mann med ryggsekk på ein togstasjon. Bak heng ei klokke frå taket. I bakgrunnen er det togskjener og elektriske leidningar. Foto.

1. Hacer un Interrail

Å reise med interrail er spennande, billig og ikkje minst berekraftig. Som ryggsekkturist opplever du mykje, og du møter mange menneske på din veg. Det er òg ei fin mogelegheit til å lære og praktisere språk.

Nuestro viaje en Interrail

Jobb saman i par eller små grupper og planlegg ei reise med interrail. Presenter reiseplanane dykkar på spansk for klassen eller ei anna gruppe. Hugs å ha med bilete av stadene og attraksjonane de skal besøke, og vis reiseruta dykkar på eit kart.

¿Qué es el Interrail?

  • Interrail er ein billett som let deg reise med tog i til saman 33 ulike europeiske land.

  • Du bestemmer sjølv i kor mange dagar billetten skal vere gyldig. Alt mellom fire dagar og tre månader er mogleg.

  • Så lenge interrailbilletten din er gyldig, kan du hoppe av og på så mange tog du ønsker.

El contenido de la presentación

Desse punkta skal de ha med i presentasjonen dykkar:

  • Fortel om turen. Når og kvar startar og sluttar reisa? Kor mange ulike land og byar vil de besøke?

  • Fortel om minst to natur- eller kulturattraksjonar de skal besøke, og grunngi kvifor de vil besøke desse stadene.

  • Korleis skal de få reisa til å bli så berekraftig som mogleg?

  • Er det andre ting de bør tenke på eller ta omsyn til på reisa for at turen skal bli så vellykka som mogleg?

La Panamericana

Har du heller lyst til å planlegge ei reise i Latin-Amerika? Då bør du sjekke ut La Panamericana!

  • La Panamericana er eit vegnettverk i Amerika med ei lengde på omtrent 30 000 kilometer.

  • Vegen går gjennom nesten alle landa i Fastlands-Amerika.

  • Dei fleste turistane reiser med bil eller motorsykkel, men det er òg mogleg å ta buss.

Start gjerne med å lese om vegnettverket på Carretera Panamericana på Wikipedia og Pan American Highway på Wikipedia.

2. Un verano diferente

Spanske Marcos har sendt ein e-post til den norske venninna si Maiken.

  • Les gjennom e-posten. Kva fortel Marcos? Kva spørsmål stiller han Maiken?

  • Førestill deg at du er Maiken, og skriv eit svar på e-posten. Skriv 180–230 ord.

El correo de Marcos

¡Hola, Maiken!

¿Qué tal estás? Espero que muy bien. ¡Hace mucho tiempo que no sé de ti! Creo que la última vez que nos vimos fue en agosto de 2021, ¿verdad? ¿Ya no vienes con tu familia a pasar las vacaciones a Torrevieja? He conseguido tu correo gracias a Marie. Ella sigue viniendo todas las vacaciones y la vi esta Semana Santa.

Este año termino el Bachillerato y me gustaría mucho estudiar Ingeniería Ambiental, en Barcelona. Pero antes quiero viajar y disfrutar un poco. Para proteger el medioambiente, estoy pensando en hacer un viaje en Interrail. Marie me dijo que hace dos años tú hiciste uno. ¿Qué países visitaste?, ¿fuiste sola?, ¿fue muy caro? Te agradezco un montón cualquier información que me puedas dar sobre el Interrail o sobre cómo viajar de manera sostenible.

Marie también me comentó que trabajaste como voluntaria en una organización para la protección del medioambiente. ¿Es verdad? ¿Dónde estuviste y cómo encontraste el trabajo? ¡A mí me encantaría hacer algo parecido!

Por cierto, ¿qué planes tienes para este verano?, ¿te apuntas a hacer un Interrail conmigo y mis amigos?

Bueno, espero que estés fenomenal. ¡Ojalá nos veamos pronto!

Un abrazo,

Marcos

CC BY-SASkrive av Mar Marín Valero.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2024

Læringsressursar

Turismo sostenible