Hopp til innhald

Fagstoff

Lærarrettleiing

Oversikt over undervisningsopplegget til den spanske spelefilmen Carmen y Lola.

Undervisningsopplegget

  • Undervisningsopplegget inneheld forslag til oppgåver og aktivitetar til filmen Carmen y Lola.

  • Estimert tidsbruk for heile opplegget er omtrent 3–4 veker (6–8 dobbelttimar).

Her følger ei oversikt over oppgåvesidene og kva dei inneheld, og dessutan tips til gjennomføring og forslag til vurdering.

Introducción: Carmen y Lola

Introduksjon

På denne sida finn du forslag til aktivitetar før filmen. Oppgåvene førebur elevane på handling og tema i filmen. Estimert tidsbruk er 45–60 minutt.

1. Los temas

Elevane snakkar samen om eit eller fleire av temaa i filmen: forventningar, kjærleik og kjønnsroller. Vi tilrår å ta ei felles oppsummering i klassen til slutt.

2. Imágenes

I denne oppgåva skal elevane sjå på og beskrive bilete frå nokre viktige scener i filmen. Dei får forslag til spørsmål dei kan stille kvarandre, og dessutan nyttig glose- og snakkehjelp i boksane. Elevane kan sitje saman og bla i bileta på eigen pc, eller du kan vise bileta på storskjerm.

3. El tráiler

Vis traileren i heil klasse, først utan norsk undertekst, så med. Elevane svarer på spørsmål til det dei ser. Spør gjerne om det er andre ting dei legg merke til.

4. Los gitanos en España

Denne lese- og omsetjingsoppgåva gir elevane viktig informasjon om romfolket og hjelper dei å forstå filmen. Filmen handlar om to romjenter og gir eit innblikk i nokre utfordringar ungdom frå romkulturen møter på.

La película Carmen y Lola

Film og fagtekst

Her finn du filmen og ein tekst om filmen. La elevane først lytte til og lese den spanske teksten. Be dei deretter jobbe i par og setje om teksten munnleg. Til slutt les dei den norske teksten nedst på sida for å kontrollere at dei har forstått innhaldet. Estimert tidsbruk er 110–120 minutt.

Carmen y Lola handlar om to romjenter som forelskar seg. Jenter skal helst ikkje bevege seg utandørs åleine og ikkje ha kjæraste. Homofili er heilt uakseptabelt. Filmen er spelt inn i forstadane til Madrid i område der det bor mange gitanos. Skodespelarane kjem frå området sjølve og er ikkje profesjonelle skodespelarar.

Filmen gir eit unikt innblikk i romsamfunnet og -kulturen, og han viser tidvis korleis majoritetsbefolkninga forheld seg til denne gruppa, sjølv om dette ikkje er hovudtemaet. Vi får òg eit innblikk i dei strenge kjønnsrollene som pregar samfunnet og korleis barna blir oppdregne. Mat på bordet, familien, omdømme og tradisjon er viktig, utdanning og individuell fridom er ikkje det. Samtidig er filmen ei skildring av ung kjærleik og den første forelskinga.

Los personajes y el argumento

Personar og handling

På denne sida finn du oppgåver som elevane jobbar med mens dei ser filmen og rett etter at han er ferdig. Estimert tidsbruk er 45 minutt.

1. Un personaje de la película

Mens elevane ser filmen, skal dei observere ein av nøkkelpersonane. Dei fyller ut / samlar informasjon om denne personen i eit skjema. Skjemaet kan lastast ned eller skrivast ut dersom ein vil unngå bruk av pc under filmframsyninga. Når filmen er ferdig, bruker elevane notata sine til å skrive enkle setningar om personen sin.

Øvst på sida er det portrettbilete av hovudpersonar og nøkkelpersonar i filmen. Fordel personane blant elevane, eller presenter dei kort på norsk og be elevane velje sjølv. Personane på bileta er: Carmen (forlova med Rafa), Lola (ei annleis romjente), Rafa (Carmens kjæraste), Flor (mor til Lola) og Paco (far til Lola).

2. Después de 44 minutos

For å bryte opp undervegs er det lagt inn ei samtaleøving etter 44 minutt. Pausen er òg eit fint høve til å la elevane sjå over notata sine.

3. ¿Qué recuerdas?

Interaktiv quiz på norsk der elevane sjekkar kva dei hugsar. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i heil klasse på storskjerm.

4. El argumento de la película

Her skal elevane lage eit kort handlingsreferat ved å setje setningar på spansk i rett rekkefølge. Du kan oppmode elevar som jobbar raskt, til å gi eit meir detaljert handlingsreferat.

Vocabulario y gramática

Ordtilfang og grammatikk

Her finn du tre ulike øvingsrekker med både skriftlege og munnlege oppgåver, individuelle oppgåver og samarbeidsoppgåver. Estimert tidsbruk til denne delen er 90–120 minutt.

1. Palabras y expresiones

Elevane jobbar med å forstå og setje om ord, uttrykk og setningar frå filmen. Desse er nyttige å kunne i fleire samanhengar. Elevane får fasit og løysingsforslag.

2. Adjetivos

Her kan elevane repetere grunnleggande reglar for bruk av adjektiv og øve på å beskrive personar og filmar.

3. Ejercicios con el pretérito perfecto

Her repeterer elevane reglar og bruken av presens perfektum og øver seg på å fortelje om kva dei har gjort og opplevd.

La música

Musikken i filmen

Denne delen er fin å jobbe med viss du kan setje av litt meir tid til filmopplegget. Estimert tidsbruk er 30–45 minutt.

Filmmusikken er inspirert av musikken til romfolket. Romfolket har påverka spansk kultur på mange måtar, mellom anna gjennom musikk og dans. Først ser elevane eit klipp frå filmen (der kyrkjelyden syng). Deretter jobbar dei med songteksten og snakkar om si eiga oppleving av musikken.

Lag eit kor og syng med den stemma du har! Det har kanskje blitt mindre vanleg å synge i språktimane, men song eignar seg godt for å trene uttale og ordtilfang. Å synge saman kan vere ein fin måte å samle klassen på og utfordre elevane litt.

Hablar y escribir

Skriftlege og munnlege oppgåver

Her kan elevane velje mellom fire fordjupingsoppgåver. Oppgåvene er sorterte etter vanskegrad slik at dei mest krevjande kjem til slutt. Elevane får god støtte i form av skrive- og snakkehjelp. Estimert tidsbruk er 2 x 90 minutt.

1. Una carta de amor

Denne oppgåva passar for elevar som liker å vere kreative og vil øve på skriftleg spansk. Oppgåva er delt i to delar. Først les elevane brevet frå Carmen til Lola. Carmen har ikkje noko særleg skulegang og har droppa ut av skulen, noko som blir vist ved måten ho skriv på.

Etter å ha jobba med Carmens brev skriv elevane sitt eige kjærleiksbrev. Når dei har skrive eit utkast, kan dei som vil, byte brev med ein medelev og gi kvarandre tilbakemelding.

2. Un diálogo un año después

Dette er ei fin oppgåve for elevar som liker å jobbe i par og vil øve på spansk munnleg. Her skal dei bruke det dei veit om rollefigurane dei har observert, og eigen fantasi, til å lage ein dialog mellom dei to personane. Dialogen blir framført for klassen eller levert digitalt.

3. La reseña de la película

Oppgåva går ut på å skrive ei filmmelding, og ho passar for elevar som vil øve seg på å skrive lengre samanhengande tekstar på spansk. Eit alternativ er å spele inn ein "Filmpolitiet-podkast" og melde filmen munnleg.

4. Una presentación sobre los roles de género

Elevar som er klare for litt utfordring, kan velje å presentere eit komplekst tema på spansk. Dei fleste vil nok gjere dette saman med nokon. Når elevane har eit utkast til presentasjonen klart, bør dei få ei kort tilbakemelding frå andre medelevar eller frå lærar.

Før elevane startar på presentasjonen, les dei eit sitat frå Lola. Det kan vere lurt å gå gjennom sitatet saman. Når presentasjonen er klar, kan elevane presentere for ei gruppe eller halv klasse, eller dei kan spele inn presentasjonen digitalt.

Forslag til vurdering

Vurdering

Dei større oppgåvene (hablar y escribir) eignar seg til prosessorientert arbeid og (undervegs-)vurdering. Elevane kan òg vise kva dei har lært, ved å avslutte med ein fagsamtale. Her er forslag til spørsmål elevane kan førebu seg på:

  • ¿Qué opinas sobre la película?

  • ¿Qué has aprendido?

  • ¿Qué tipo de películas te gustan?

  • ¿Puedes describir alguno de los personajes de la película?

  • ¿Qué piensas sobre la música de la película Carmen y Lola?

  • ¿Qué mensaje crees que transmite la película?

Eigenvurdering

Sjå forslag til eigenvurderingsskjema i den vedlagde fila.

Filer

CC BY-SASkrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2023

Læringsressursar

Carmen y Lola