Hopp til innhald
Litterære tekstar

Bullshitfilteret (utdrag)

Bullshitfilteret av Oda Faremo Lindholm handlar om korleis sosiale medium, tv-seriar og musikkvideoar påverkar oss. I dette utdraget kan du lese meir om korleis desse media lagar strenge reglar for kva det vil seie å vere gut eller jente, og korleis du kan avsløre triksa media bruker.

Ordforklaringar til utdraget

Side 17

konkret
noko vi kan oppfatte gjennom sansane våre, ved å sjå, høyre eller ta på det
båssetting
å plassere folk i bestemde grupper eller kategoriar
dyrke
her: gjere sterkare eller oppmuntre
media
aviser, tv, internett og andre stader som gir oss informasjon og underhaldning
artikkel
ein tekst eller innhald i aviser, blad eller på internett som handlar om eit bestemt tema
reklame
bilete og/eller tekst som prøver å få oss til å kjøpe noko
hensikt
noko som blir gjort med vilje, noko som har eit bestemt mål
mediebransjen
bedrifter og folk som jobbar med å lage nyheiter, tv, reklame og så vidare
oppmerksomhet
interesse, det å sjå eller tenke ekstra på noko (nynorsk: merksemd, oppmerksemd)
bokhandel
butikk der du kan kjøpe bøker
omslag
framsida på eller den ytre delen av ei bok
kjønnsbås
ei gruppe som folk blir sett inn i, basert på kva kjønn dei har
forenklet
at noko blir gjort enklare enn det eigentleg er (nynorsk: forenkla)
annerledes
å vere ulik, å vere annleis er ikkje heilt likt det vanlege (nynorsk: annleis)

Side 18

medier
kanalar (måtar) for å sende informasjon til mange menneske, som aviser, tv, internett og sosiale medium (nynorsk: medium)
kommunikasjon
det å sende og få informasjon eller ein bodskap
kanal
måte å få ut informasjon på, til dømes gjennom tv, radio, aviser eller internett
budskap
ei melding eller informasjon som ein vil at andre skal forstå
sosiale medier
nettstader eller appar der folk kan snakke med kvarandre, dele bilete og videoar, til dømes Facebook, Instagram og Snapchat (nynorsk: sosiale medium)
nettartikkel
tekst eller nyheit som er publisert (lagt ut) på internett
blogg
ei personleg nettside der nokon skriv om tankane, interessene eller opplevingane sine og deler bilete og videoar
seriøse medier
medium som prøver å gi rett og viktig informasjon, og som ofte har redaktørar som sjekkar kva som blir publisert (nynorsk: seriøse medium)
redaktør
ein person som har ansvar for innhaldet i ei avis eller ein nettstad, og som bestemmer kva som skal publiserast
publisere
å gjere noko tilgjengeleg for alle, til dømes å legge ut ein tekst eller eit bilete på internett eller i ei avis
usunt kroppsfokus
det å tenke for mykje på korleis kroppen ser ut på ein negativ måte
framside
den første sida i ei avis eller magasin, ofte med bilete og store overskrifter for å få folk til å kjøpe avisa
lettkledd
å ha for lite klede på seg
lokke
å prøve å få nokon til å gjere noko, ofte ved å gjere noko veldig spennande eller interessant

Side 19

kvalitet
her: eigenskap eller side ved ein person, altså korleis ein person er
praksis
det å gjere noko i verkelegheita, ikkje berre i teorien eller i tankane
innebære
bety, handle om, kva noko faktisk er (nynorsk: innebere)
tradisjonell
å ha vore vanleg eller blitt gjort på same måte i lang tid
egenskap
side ved ein person, som handlar om korleis hen oppfører seg eller er, til dømes å vere vennleg eller modig (nynorsk: eigenskap)
fokusere på
å rette merksemda mot noko, å sjå på eller legge merke til ein bestemd ting
moderlig
å vere som ei god mor, å bry seg om andre og ta vare på dei (nynorsk: moderleg)
omsorgsfull
å vere ein person som bryr seg om andre sine kjensler og tek vare på andre
vennlig
å vere ein person som er hyggeleg og god mot andre (nynorsk: vennleg)
kjærlig
å vere ein person som viser varme og gode kjensler for andre (nynorsk: kjærleg)
mild
å vere roleg, ikkje streng, men mjuk i måten du oppfører seg på
tålmodig
å vere i stand til å vente lenge utan å bli irritert eller stressa (nynorsk: tolmodig)
lite egoistisk
å vere i stand til å tenke meir på andre enn på deg sjølv
feig
det motsette av modig, å ikkje tore å gjere vanskelege eller skumle ting
ubesluttsom
å ha problem med å ta avgjerder eller bestemme seg for noko (nynorsk: tvilrådig)
uselvstendig
å vere avhengig av andre og ikkje klare å gjere ting åleine (nynorsk: usjølvstendig)
vinglete
å skifte meining ofte
logisk anlagt
å ha evne til å tenke klart og bruke fornuft for å løyse problem (nynorsk: logisk innretta)
besluttsom
å vere i stand til å ta avgjerder, å bestemme noko raskt og halde fast ved det (nynorsk: snarrådig)
bråkjekk
å ha mykje sjølvtillit og verke for modig eller uforsiktig

Side 20

forskjellsbehandling
det å behandle folk ulikt, ofte basert på kjønn, alder, rase eller liknande
tillegge
å gi nokon spesielle eigenskapar eller interesser, ofte fordi vi har fordommar om kjønn, alder eller liknande (ordet blir ikkje brukt på nynorsk)
slanking
det å prøve å gå ned i vekt ved å ete mindre eller trene meir
interiør
korleis det ser ut i eit rom eller inne i eit hus (pynt, møbel, fargar, materiale)
feminin
å ha eigenskapar eller ei åtferd vi knyter til kvinner, som mjukheit, eleganse og skjønnheit
mandig
å ha eigenskapar som tradisjonelt blir knytte til menn, som styrke og modigheit
viljesterk
å bestemme seg for noko og ikkje gi opp lett
egenskap
side ved ein person, som handlar om korleis hen oppfører seg eller er, til dømes å vere vennleg eller modig (nynorsk: eigenskap)
stereotyp
å vere kjenneteikna av ein enkel idé eller ei stivna eller fordomsfull førestilling
rolle
her: ei forventning til korleis du skal vere på grunn av til dømes kjønn, nasjonalitet eller jobb
kjønnsbestemt
at noko er bestemt, knytt til, kjønnet du har
tradisjonell
å ha vore vanleg eller blitt gjort på same måte i lang tid
bullshit
uttrykk frå engelsk som betyr at noko er tull eller usant

Side 21

leketøysreklame
reklame som viser leikar (nynorsk: leiketøysreklame)
henvende seg til
å rette seg mot, prøve å få merksemd frå ei bestemd gruppe, som jenter eller gutar (nynorsk: vende seg til)
glitter
små, blanke bitar som skin, ofte brukte til pynt
frisørsalong
ein stad der folk kan få klipt håret
stall
ein stad der hestar bur og blir tekne vare på
komme på markedet
her: å hamne i butikkane (nynorsk: komme på marknaden)
LEGO Friends
ein LEGO-serie som er laga spesielt for jenter
bassengfest
ein fest som skjer rundt eit basseng slik at folk kan bade på festen
actionpreget
å ha mykje spenning, fart og handling, at det skjer mykje (nynorsk: actionprega)
takle
å klare eller handtere noko, å kunne gjere noko utan problem
utfordring
vanskeleg oppgåve som krev innsats, og som ein må jobbe for å løyse

Side 23

tilsynelatende
at det ser ut som om, verkar som (nynorsk: tilsynelatande)
bryne seg på
å prøve å gjere noko som er vanskeleg, noko som gjer at du må tenke deg om

Side 24

freak
ein person som er annleis på ein måte som gjør at andre kanskje synest hen er rar
bullshitfilter
noko som hjelper deg med å skjønne kva som er sant, og kva som berre er tull
produsent
den som lagar eit produkt som vi kan kjøpe

Utdrag

  • Utdrag frå Bullshitfilteret

  • Kjelde

    Lindholm, O. F. (2014). Bullshitfilteret. Gyldendal Norsk Forlag AS.

    Relatert innhald