Hopp til innhald
Fagartikkel

Om forvalting og drift

Faget forvalting og drift er under utvikling. Kva planar har vi, og korleis jobbar vi med å bygge opp dette faget?

Forvalting og drift

Faget forvalting og drift er stort og femner mange ulike emne. Vi bur i eit land med store klimavariasjonar, noko som fører til store forskjellar i kva produksjonar som er aktuelle i sør og nord. Mange emne i faget er likevel like aktuelle uansett kvar du held til.

Fagressursane i forvalting og drift skal dekke heile læreplanen (LK20). Dette omfattar grunnleggande ferdigheiter, kjerneelement, tverrfaglege tema og kompetansemål.

Struktur

Faget er delt inn i fleire hovudemne. Vi planlegg å ha desse hovudemna:

  • Naturgrunnlaget

  • Arealbruk

  • Bedriftsetablering

  • Økonomi

  • Produksjonsdata

  • Organisasjonar og forvaltningsorgan

Parallelt med utviklinga av forvalting og drift bygger vi òg opp faget produksjon og tenesteyting. Til saman dekker desse to faga læreplanen i vg2 landbruk og gartnarnæring (LGA02‑03).

Slik jobbar vi

Vi som jobbar i redaksjonen, er Ingrid Ellen Resell (fagansvarleg), Anne Langerud og Vigdis Jonsen. Alle tre jobbar ved Skjetlein videregående skole i Trøndelag. Thomas Bedin er læremiddelansvarlag/redaktør og jobbar på Malakoff videregående skole i Østfold. Saman planlegg og produserer vi innhaldet.

I tillegg samarbeider vi med andre lærarar rundt om i landet. Lærarar og elevar på pilotskular testar ut noko av det vi lagar, og dei gir oss nyttige tilbakemeldingar på kva som fungerer bra. Vi samarbeider òg med fleire av organisasjonane i landbruket.

Ulike typar innhald

Når vi lagar faget, er vi opptekne av å lage innhald som er varierte og best mogleg tilpassa elevane på vg2 landbruk og gartnarnæring. Fagartiklane vil ha ein god kombinasjon av tekst, bilete, oppgåver, illustrasjonar, videoar, animasjonar og simuleringar.

Oppgåvene er av ulike typar, som interaktive oppgåver, praktiske oppgåver og oppgåver til filmar.

Vi publiserer fortløpande

Vi publiserer emne etter kvart som dei blir ferdige, slik at de kan begynne å bruke desse ressursane. Planen er at faget skal vere klart til bruk før skulestart hausten 2025.

Innspel

Vi vil gjerne ha innspel på planane våre og det vi lagar. Viss du har forslag og ønske om kva vi skal ha med: Ta kontakt! Du kan sende e-post til fagansvarleg ingrid.resell(at)ndla.no eller bruke knappen "Spør NDLA" nedst på sidene våre dersom du har spørsmål eller innspel til innhaldet. Du kan òg komme med innspel i Facebookgruppa NDLA naturbruk.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2023