Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordjup deg i ein naturtype

I denne oppgåva skal du fordjupe deg i ein naturtype som du vel sjølv. Finn ut kva artar som trivst der, om dei står ovanfor nokre truslar, og korleis naturtypen blir brukt av menneske.

Mål

Målet med denne oppgåva er at du skal fordjupe seg i ein naturtype du sjølv har lyst til å lære meir om. Du kan lage anten ein skriftleg rapport eller ein presentasjon. Legg inn bilete eller illustrasjonar.

Oppgåve

  1. Vel ein naturtype du har lyst til å finne ut meir om. Du kan velje blant dei overordna naturtypane skog, fjell, kulturlandskap, våtmark, hav og ferskvatn, eller du kan velje ein meir spesifikk naturtype innanfor desse kategoriane (grunntypar). Grunngi kvifor du valde akkurat denne naturtypen.

  2. Beskriv naturtypen og kva som kjenneteiknar han. Har han eventuelt andre inndelingar (grunntypar)?

  3. Er det noko som truar naturtypen eller gjer han sårbar? Kva omsyn må vi ta når vi finn ut korleis vi skal forvalte denne naturtypen?

  4. Lag ei oversikt over typiske plante- og dyreartar som lever der.

  5. Er nokon av artane du nemner, nøkkelartar? Beskriv kort kva som gjer dei til nøkkelartar.

  6. Ta for deg éin dyreart og éin planteart. Beskriv kva tilpassingar dei ulike artane har til naturtypen. Står dei ovanfor nokon truslar, eller er det noko som gjer dei spesielt sårbare?

  7. Kva lovverk regulerer bruk, ferdsel og inngrep i naturtypen? Gi ei kort beskriving av lovverka.

  8. Finn ut om det er interessekonfliktar knytte til naturtypane. Kva går konfliktane ut på? Kva løysingar finst?

  9. Korleis har naturtypen tradisjonelt vore brukt, og korleis blir han eventuelt brukt i dag? Døme: næring, turisme, jakt, rekreasjon.

  10. Kan du komme på nokon andre måtar naturtypen kan brukast på?

Filer

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2024

Læringsressursar

Kartlegging av natur