Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

HMS i praksisbedrifta mi

Eit godt arbeidsmiljø som er trygt, forsvarleg og miljøvennleg, er noko alle ønskjer. For å setje dette i system har styresmaktene laga ei HMS-forskrift som alle bedrifter må følgje. Som praksiselev må du setje deg inn i forskrifta og sjølv bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Oppgåve 1 – helse, miljø og sikkerheit (HMS)

  • Kva inneber HMS i praksisbedrifta di?
  • Kva er det spesielt viktig at du som praksiselev set deg inn i, og korleis skal du bidra til at bedrifta følgjer HMS-forskrifta?
Tips
  • Spør leiaren din kva HMS inneber hos dykk, og noter ned det viktigaste frå kvart område.
  • Spør leiaren din kva det er spesielt viktig at du set deg inn i og bidreg med.

Oppgåve 2 – det psykososiale arbeidsmiljøet

  • Beskriv det psykososiale arbeidsmiljøet i praksisbedrifta di.
Tips
  • Beskriv korleis du blir inkludert. Eller beskriv korleis du ikkje blir inkludert, dersom det er slik du opplever det.
  • Korleis føler du deg sett og høyrd?
  • Korleis ser det ut som om kollegaene dine har det på jobb?
  • Kva kjenneteiknar ein god leiar, og korleis vil du beskrive leiaren din? Kva gjer leiaren din god eller mindre god?
  • Korleis er opplæringa di?
  • Føler du at du får god opplæring? I så fall på kva måte?
  • Korleis varierer arbeidsoppgåvene dine?
  • Får du tilbod om vidareopplæring, kurs eller samlingar? I så fall kva?
  • Opplever du at det er ei framtid for deg i praksisbedrifta di?
  • Kva gjer leiinga for å sikre eit godt arbeidsmiljø i bedrifta?
  • Kva forslag har du til å gjere arbeidsmiljøet endå betre?
  • Kva betyr eit godt arbeidsmiljø for deg?
  • Kva betyr eit godt arbeidsmiljø for bedrifta, og kvifor er dette så viktig?
  • Kva kan skje dersom arbeidsmiljøet ikkje er bra?
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Praksis i bedrift