Hopp til innhald

Fagstoff

Mal for praksislogg for restaurant- og matfag

Her er eit døme på korleis du kan skrive logg frå arbeidsdagane i praksis.
Ein ferskvarehandlar legg ut kjøttstykke i ein ferskvaredisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du er i praksis, skal du velje ut nokre kompetansemål frå vg3 som du skal fokusere spesielt på. Etter du har valt ut til dømes fem kompetansemål, må du konkretisere desse måla. Kva inneber dei for deg på din praksisplass? Dersom du er utplassert i ferskvarehandlarfaget og har valt kompetansemålet legge opp diskar, eksponere og selje kalde og varme produkt og andre ferskvarer, må du konkretisere kva det vil seie å legge opp ein ferskvaredisk i bedrifta du er utplassert i. Det kan til dømes vere at du beskriv kva prinsipp du har følgt for å bygge opp ein ferskvaredisk som freistar kundane til å handle.

Det er fint å legge inn bilete i loggen som illustrerer arbeidsoppgåvene du har utført. Har du til dømes jobba med å legge opp ein ferskvaredisk, kan du ta bilete av det og setje det inn i loggen. Men hugs å avklare med arbeidsgivar om det er greitt at du tek bilete.

Dato:

Utfyllande svar

Andre kommentarar

Arbeidstid

Generelle arbeidsoppgåver denne dagen

Kva arbeidsoppgåver har eg utført innanfor dei utvalde kompetansemåla?

Første valde kompetansemål frå vg3
- konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Andre valde kompetansemål frå vg3
- konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Tredje valde kompetansemål frå vg3
- konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Fjerde valde kompetansemål frå vg3
- konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Femte valde kompetansemål frå vg3
- konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Nye arbeidsoppgåver som eg ikkje har utført tidlegare

Rettleiing eg har fått i dag

Samanheng med det eg har lært på skulen

Min eigen trivsel på arbeidsplassen

Anna eg vil fortelje frå dagen

I dag har eg lært

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2022

Læringsressursar

Praksis i bedrift