Norsk (PB)
Tekstsamling
Her har vi samla alle skjønnlitterære tekstar og saktekstar som blir brukte i faget. Tekstane er sorterte etter sjanger.
Skjønnlitteratur
Skjønnlitteratur er fiksjon, det vil seie litteratur som er oppdikta. Frå gamalt av deler vi inn skjønnlitterære tekstar i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar.
Episk dikting
Til den episke diktinga reknar vi alle slags fiksjonsforteljingar, frå vitsar og eventyr til noveller og romanar. Felles for episke tekstar er at det finst ein forteljar som formidlar det som hender.