Overtyd med patos
Oppgåve
Skap kjensler for eit produkt
Jobb saman i grupper på to til fire elevar.
Vel dykk eit produkt, f.eks. sjokolade, brus, klesmerke, kosttilskott eller liknande.
Vel ei spesifikk kjensle, f.eks. glede, sjalusi, svolt, tørst, å kjenne seg utanfor, dårleg samvit eller liknande.
No skal de konsentrere dykk berre om den eine kjensla. Korleis må de ordleggje dykk for å vekkje den kjensla de har valt, når de skal overtyde ein mottakar om å kjøpe produktet dykkar?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2017