Hopp til innhald

Fagstoff

Patos

Patos vert ofte omsett til «kjensler». I retorisk samanheng vil det seie at vi overtyder gjennom å vekkje bestemte kjensler hos publikum.
Knyttnever som heves i protest. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nordahl Grieg les diktet 17. mai 1940

0:00
-0:00

Les diktet på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, s.219-220

Du kjenner kanskje til reklameuttrykket «fordi du fortener det». Ei slik formulering vekkjer kanskje ei kjensle av at vi må kunne unne oss litt luksus i kvardagen, samtidig som det uttrykkjer at «du er spesiell». Klarer du å vekkje bestemte kjensler hos publikum, kan det vere med på å halde på tilhøyrarane si interesse.

Ein tale utan kjensler vil vere ein kjedeleg tale. Då er det ikkje lett å overtyde. I tillegg kan det påverke mottakarane si vurdering av saka, og det motiverer til handling. Vi kan skremme eller vekkje avsky med negative kjensler, eller lokke med positive kjensler.

Når du i ein tale skal overtyde ved å vekkje kjensler hos publikum, bør du vise at også du har denne kjensla. Om du skal få nokon til å bli opprørt over ei bestemt sak, må du vise at du er like opprørt.

Du kan også velje å fortelje om personar, ting eller situasjonar som vekkjer den bestemte kjensla du vil ha fram. I presentasjonar kan du bruke bilete, film eller lydopptak, eller gi detaljerte, levande skildringar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2018

Læringsressursar

Retorikk i bruk