Øving
Omsettingsøving 5
I denne omsettingsøvinga skal du ha særleg merksemd på bestemmarorda nokon, ingen og annan og på genitiv.
- Bestemmarordet nokon bøyer du heilt enkelt slik:
nokon mann – noka dame – noko barn; fleirtal: nokon elevar - Bestemmarorda ingen og annan bøyer du slik:
ingen mann – inga dame – ikkje noko barn; fleirtal: ingen elevar
(ein) annan mann – (ei) anna dame – (eit) anna barn; fleirtal: andre elevar - Hugs at ein på nynorsk berre bruker s-genitiv ved namn: Pers hatt, Noregs historie
- Vi kan skrive om med sin ved eit tydeleg eigedomsforhold: naboen sin bil, Per sin hatt
- Vi kan også skrive om med preposisjonar: Ordføraren i bygda er langt betre nynorsk enn "bygdas ordførar".
- Vi kan lage samansettingar i staden for genitiv-uttrykk: Stortingsvedtaket er mykje betre nynorsk enn "Stortingets vedtak".
- Dagny og Gunnar bor på en plass der ingen skulle tro at noen kunne bo.
- De har ikke strøm og ikke innlagt vann, bare veiforbindelse til nabobygda.
- Jeg spurte Dagny om hun hadde noen aning om hvor lenge de ville bli boende.
- Hun svarte at hun ikke kunne tenke seg noe annet liv.
- Gunnar kunne heller ikke tenke seg å bo noe annet sted.
- Gårdens framtid var likevel dyster, mente han.
- “Vi har to sønner og en datter, men ingen av dem har planer om å bo her.
- De vil ikke bo noe annet sted enn i Oslo.
- Men ingen bygd kan overleve uten noen unge folk.
- Bygdas innbyggere er i ferd med å bli gamle, men ungdommen har andre drømmer.
- De vil nyte godt av byens tilbud og muligheter.”
Vi har laga eit forslag til korleis setningane kan omsettast. Samanlikn gjerne omsettinga di med forslaget vårt. Men vent med å kikke til du er ferdig med å sette om, elles lærer du ikkje særleg mykje!
Relatert innhald
Fagstoff
Forslag til fasitEi side med forslag til svar på omsettingsøvingane i læringsstien "Omsettingsøvingar".