Sterke verb
Kva er spesielt ved bøyinga av sterke verb i nynorsk, samanlikna med for eksempel e-verb og a-verb? Under ser du eit e-verb, eit a-verb og to sterke verb. Sjå på dei og prøv å forklare forskjellen. Hint: Det er særleg slutten på verba som er interessant her.
Å KJØPE | Å KASTE | Å SKRIVE | Å FINNE |
---|---|---|---|
eg kjøper | eg kastar | eg skriv | eg finn |
eg kjøpte | eg kasta | eg skreiv | eg fann |
Presens av sterke verb. Hugs stor bokstav og teiknsetting!
Det som kjenneteiknar sterke verb, er at dei får ei litt uvanleg bøying. Derfor må du ofte slå opp i ordboka for å vere sikker på å finne riktig form. Men nokon verb er så mykje brukte at det kan vere like greitt å pugge dei. No skal du pugge fem av dei aller vanlegaste sterke verba. Prøv å lære dei heilt utanåt før du går til oppgåvene.
Infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum |
---|---|---|---|
å finne | finn | fann | har funne |
å komme | kjem | kom | har komme |
å lese | les | las | har lese |
å skrive | skriv | skreiv | skrive |
å vere | er | var | har vore |
Presens og presens perfektum av sterke verb
Nå må du halde tunga rett i munnen, for i dei siste øvingane skal du øve på alt du har lært hittil om verb.
Dersom du er i tvil om kva for verb du har med å gjere: Tenk over kva preteritumsform du bruker når du snakkar (preteritum den forma du kan sette “i går” framfor).
- Seier du viste, levde, sydde, er det eit e-verb. Da skal det ha endinga -er i presens.
- Seier du kasta eller kastet, er det eit a-verb. Da skal det ha endinga -ar i presens.
- Endrar verbet vokal frå presens til preteritum (jeg vinner – i går vant jeg), er verbet sterkt og skal ikkje ha ending i presens i nynorsk.
Presens, preteritum og presens perfektum av sterke og svake verb.