Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap flyt i teksten din

Å skape god språkflyt er ein av dei viktigaste jobbane du gjer når du skriv. Når du får det til, er det som om du tek lesarane i handa og leier dei gjennom teksten din.

Her skal du først og fremst lære om korleis du skaper flyt i eit avsnitt. Korleis kan du elegant føre lesaren din frå start til slutt i avsnittet slik at argumenta dine kjem godt fram?

Oppgåve 1

Sjå på dei to korte avsnitta under. Klarer du å forklare med eigne ord kva som gjer avsnitt 1 svakt og avsnitt 2 godt?

Døme 1: Beskriving av novelle

Novella handlar om dei fattige i Oslo i gamle dagar, som var veldig vanleg å skrive om. Dette blir forsterka av fargebruken, alt er svart og grått. Alt er mørkt og trist. Som miljøet og personskildringa. Korleis hovudpersonen har jobb frå tidleg alder og alltid er skiten. Der stemninga blir dyster.

Døme 2: Same beskriving med andre ord

Novella handlar om dei fattige i Oslo i gamle dagar. Dette var eit vanleg tema å skrive om. Temaet blir forsterka av fargebruken. Særleg fargane svart og grå går igjen, noko som skaper ei mørk og trist stemning. I tillegg til denne miljøskildringa bidreg skildringane av hovudpersonen til å få fram det dystre. Han er nemleg alltid skiten.

Kvifor fungerer avsnitt 2 betre enn avsnitt 1?

Svaret er at i det første dømet startar setningane på ein måte som skaper dårleg språk. Fleire av setningane er til dømes ufullstendige. Årsaka er nok rett og slett at dei startar med feil ord som "som", "korleis" og "der".

Novella handlar om dei fattige i Oslo i gamle dagar, som var veldig vanleg å skrive om. Dette blir forsterka av fargebruken, alt er svart og grått. Alt er mørkt og trist. Som miljøet og personskildringa. Korleis hovudpersonen har jobb frå tidleg alder og alltid er skiten. Der stemninga blir dyster.

I det andre avsnittet startar setningane slik at det blir flyt mellom dei:

Novella handlar om dei fattige i Oslo i gamle dagar. Dette var eit vanleg tema å skrive om. Temaet blir forsterka av fargebruken. Særleg fargane svart og grå går igjen, noko som skaper ei mørk og trist stemning. I tillegg til denne miljøskildringa bidreg skildringane av hovudpersonen til å få fram det dystre. Han er nemleg alltid skiten.

Bruk tekstbindarar

For å bli god til å lage flyt i språket ditt er det viktig at du er nøye på korleis du startar setningane. Det er ikkje berre å skrive i veg. I staden må du kvar gong du set eit punktum, vere bevisst at starten på neste setning skal følge logisk etter den førre.

Oversikta over tekstbindarar under er nyttige for å skape flyt. Les gjennom denne og bruk ho på resten av oppgåvene.

Oppgåve 2

Skap flyt ved å bruke tekstbindarar. Her kan det vere at eit ord kan passe fleire stader, men det er likevel berre éi riktig løysing.

Oppgåve 3

Dra tekstbindarane til riktig stad. Her kan det vere at eit ord kan passe fleire stader, men det er likevel berre éi riktig løysing.

Oppgåve 4

Jobb i par. Avsnittet under manglar tekstbindarar. Korleis vil de skape betre flyt i språket utan å endre innhaldet? Skriv om:

Han møtte kjærasten sin i 2017. Han syntest ho var vakker. Han likte klassisk musikk. Ho likte Death Metal. Eitt år seinare likte begge Death Metal. Det var fordi han blei som henne. Han blei alltid lik kjærastane sine. Ho var uforanderleg. Ho gjorde det slutt med han i 2019.

Oppgåve 5

I avsnittet under startar setningane gale. Gjer om på avsnittet slik at det får betre flyt mellom setningane. Hugs at du kan endre noko i setninga viss du synest det gjer ho betre.

Om russetida

Russetida kan skape utanforskap. Mange tredjeklassingar har ikkje nokon å vere saman med. Dei får ikkje tilbod om å vere med på ein buss. Kor pris er ei anna årsak. Altså at det kostar så mykje å bli med på ein buss. Som til dømes 20 000 på dei mest populære bussane. Mange har ikkje så mykje pengar. Dei kan bli utanfor fellesskapen heile russetida.

Løysingsforslag

Om russetida

Russetida kan skape utanforskap. Årsaka er at mange tredjeklassingar ikkje har nokon å vere saman med. Dermed får dei ikkje tilbod om å vere med på ein buss. Ei anna årsak til utanforskap kan vere pris. Det er nemleg dyrt å vere med på ein buss. Til dømes kan det koste 20 000 på dei mest populære bussane. mykje pengar er det ikkje alle som har. Dette kan føre til at dei blir utanfor fellesskapen heile russetida.

Oppgåve 6

Skriv ca. 8–10 setningar om kva du gjorde i går. Bind alle setningane saman slik at det blir flyt.

Oppgåve 7

  1. Oppsummer det du har lært om kva som er godt språk etter å ha jobba med denne ressursen.
  2. Vil du gjere nokon endringar i ditt eige språk for å bli ein betre skrivar?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2019

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar