Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Helvete er de andre" – Sartre, Srour og Seljestad

Jean-Paul Sartre er opphavet til sitatet "Helvete er de andre". Sitatet blir brukt både i sakprosaboka Skamløs av Sofia Srour og i romanen Blind av Lars Ove Seljestad. Men kva betyr det eigentleg? I denne ressursen skal de diskutere og samanlikne tekstar.

Del 1. Kva kan sitatet bety?

Jean-Paul Sartre var ein fransk filosof. I skodespelet For lukkede dører (1944) legg han desse orda, som har blitt svært berømte, i munnen til hovudpersonen:

Helvete er de andre.

Jobb åleine

  1. Skriv fritt i fem minutt: Kva kan sitatet bety? Og er du einig med Sartre?

Jobb i grupper

  1. Samanlikn svara dykkar.

Sartre forklart

Sjå den animerte kortfilmen om Jean-Paul Sartre og eksistensialismen. Han kan hjelpe deg til å forstå kva Sartre meinte med sitatet.

Leo Ajkic, Nancy Herz, Amina H. Bile og Sofia Srour står smilande på rekkje med kvar sin blomsterbukett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Sofia Srour

Sitatet "Helvete er de andre" blir brukt av Sofia Srour i sakprosaboka Skamløs (2017). No skal de lese teksten "Skamfølelse vs. alder", som de finn under, og de får eit spesifikt leseoppdrag:

  1. Kva meiner Sofia Srour når ho skriv "Helvete er de andre"? Grunngi svaret ditt ved å vise til andre sitat frå utdraget.

  2. Samanlikn svaret ditt med medelevane dine i klassen.

  3. Kvifor trur de den eksistensialistiske filosofen Jean-Paul Sartres sitat blei viktig for Sofia då ho valde å kaste hijaben?

Relatert innhald

Del 3. Lars Ove Seljestad

Jobb i par

  1. Sjå intervjuet med Lars Ove Seljestad som ein introduksjon til kva romanen Blind handlar om.

  2. Les utdraget frå romanen, som de finn under. Utdraget er ein monolog frå hovudpersonen sin far til sonen. Les utdraget høgt for kvarandre. Målet er å lese med innleving, for monologen kan også kallast ein slags formanande toretale.

  3. Monologen passar utmerkt til engasjert høgtlesing. Kunne nokon tenkje seg å lese monologen til faren høgt for resten av klassen?

Diskuter i grupper

  1. Kva meiner de er bodskapen til faren i monologen?

  2. Diskuter i plenum korleis sitatet "Helvete er de andre" blir brukt i dette utdraget. Vis til sitat for å grunngi svaret.

  3. Samanlikn bruken av Sartres sitat i Blind med bruken av sitatet i utdraget frå Skamløs.

  4. Kven er de mest einig med: Faren i Blind som seier at Sartres sitat er noko tull, og at helvete slett ikkje er dei andre, eller Sofia Srour som kjempar mot å bli definert av andre og for ta sjølvstendige val?

Relatert innhald

Utdrag frå oppvekstromanen Blind av Lars Ove Seljestad.

Del 4. Sammenlikn Skamløs og Blind

Jobb åleine

Skriv ein tekst på ca. 300 ord der du:

  1. samanliknar korleis Sofia Srour og Lars Ove Seljestad bruker Sartres sitat i utdraga

  2. kjem med di eiga meining om Sartres sitat: Er "helvete de andre"?

Relatert innhald

Kva rolle speler skam- og æresomgrepet i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Skamløs? I denne oppgåva skal du både jobbe aleine, diskutere og skrive.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Å skrive kortsvar