Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alexander Kielland – ein miljøvernar?

Novella "Torvmyr" av Alexander Kielland handlar om korleis menneska øydelegg naturen, og ho verkar sørgjeleg aktuell.
Ei myr i brun- og grønfargar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva er torvmyr?

Diskuter i klassen:

  1. Kva er eigentleg torvmyr?

  2. Studer måleriet Torvmyr av Kitty Kielland over. Kan de sjå spor av menneskeleg aktivitet i dette biletet?

  3. Veit nokon kva menneske på 1800-talet brukte torvmyr til?

  4. Bruker vi torvmyr i dag?

Del 2: Torvmyr før og no

  1. Var de usikre på korleis vi brukte, og bruker, torvmyr? Sjå videoen under om korleis menneske brukte torvmyr i gamle dagar.

  2. Les deretter om moderne bruk av myr og torv på Sabima.no

Del 3: Les novella "Torvmyr" av Alexander Kielland

Les novella Torvmyr av Alexander Kielland

Relatert innhald

Novella "Torvmyr" av Alexander Kielland handler om ein ramn som reagerer på korleis menneska behandlar naturen.

Etter at de har lese:

  1. Kvar og ein av dykk skriv med eigne ord kva de meiner er temaet i novella. Skriv ei setning.

  2. Skriv ned eit sitat frå novella som du meiner er ei god grunngiving for det du meiner er temaet.

  3. Sit i grupper. Les opp setningane og sitata de har valt for kvarandre.

  4. Diskuter: Kva er det Alexander Kielland ønskjer å fortelje oss med denne novella?

Del 4: Tolk teksten i mindre grupper

Sit i fem grupper. Kvar gruppe får eit utdrag frå teksten som dei skal presentere for klassen. Med kvart utdrag følgjer det eit oppdrag.

Filer

Del 5: Er novella aktuell i dag?

  1. Skriv fritt i ti minutt ein og ein. Reflekter over om novella er aktuell i dag.

  2. Diskuter i plenum: Er novella aktuell i dag? Grunngi svara dykkar.

  3. Diskuter: Vil de kalle Alexander Kielland for ein miljøvernar etter å ha lese denne novella? Grunngi svara dykkar.

Relatert innhald

Som forfattar var Alexander Kielland oppteken av å sette samfunnsproblem under debatt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Å skrive novelleanalyse