Skriv ein fagartikkel om tekst i kontekst
Under kvar oppgåve finn du relaterte ressursar. Desse kan vere til hjelp når du skal løyse oppgåvene.
Realistiske forfattarar og målarar ønskjer å etterlikne verkelegheita. Omgrepet "realisme" blir brukt om litteraturen og kunsten i perioden 1870–1890. I tillegg er det namnet på ei stilretning innan kunsten og litteraturen.
Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for realismen både som skrivestil og epoke. I fagartikkelen skal du bruke døme frå vedlegget "Arbeidsnever" og minst eitt av dei andre vedlegga. Du kan også trekkje inn andre tekstar du kjenner til. Du bør samanlikne form og innhald i tekstane og drøfte den konteksten dei blei gitt ut i.
Vedlegg:
Relatert innhald
I denne oppgåva skal du jobbe med omgrepet "realisme". Kvifor seier vi at det er både ein skrivestil og ein epoke?
Korleis viser miljø- og personskildringar hos Zola og Skram kva som er typisk for naturalistane?
Litteraturen har ofte blitt brukt til å kritisere samfunnet. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis dei vedlagde tekstane er eit opprør mot autoritetar, og der du drøftar konteksten dei kom ut i.
Vedlegg:
Relatert innhald
Les "Kristendommen, den tiende landeplage" av Arnulf Øverland og samanlikn denne med striden om Muhammed-karikaturane.
Lag ein personkarakteristikk av fru Alving og pastor Manders. Og korleis ville fru Alvings liv sett ut på sosiale medium i dag?
Dei tre vedlegga nedanfor handlar om korleis mennesket forvaltar naturen. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis forholdet mellom mennesket, sivilisasjonen og naturen blir skildra. Drøft også den konteksten tekstane blei gitt ut i.
Vedlegg:
Appell av Karl Ove Knausgård (2017), Forfatternes klimaaksjon: Fienden er følelsen av maktesløshet
Dikt av Rolf Jacobsen (1954): Mørk saga (prolog til oljealderen)
Relatert innhald
Den verdskjende forfattaren Karl Ove Knausgård heldt ein appell under ein klimademonstrasjon i Oslo. Les og vurder appellen.
Samanlikn ein reklamefilm for Norsk olje og gass frå 2013 og diktet "Mørk saga" av Rolf Jacobsen frå 1954.
Dei tre vedlegga nedanfor handlar på ulike måtar om forholdet mellom individuell fridom og normene og forventningane i samfunnet. Skriv ein fagartikkel der du utforskar korleis vedlegga behandlar temaet, og der du drøftar teksten i kontekst. Du kan også trekkje inn andre tekstar du kjenner til.
Vedlegg:
Relatert innhald
Korleis kan Erlend Loes Doppler lesast som ein samfunnskritisk roman? Og kjenner du deg igjen i flinkis-syndromet Doppler gjer opprør mot?
"Helvete er de andre" sa den eksistensialistiske filosofen Jean-Paul Sartre. Korleis blir sitatet brukt av Sofia Srour og Lars Ove Seljestad?
Relatert innhald
Ein fagartikkel er ein akademisk sjanger der du skal utforske og gjerne drøfte.