Kva er realistisk litteratur?
Del 1: Realismeomgrepet forklart av Tore Renberg
Sjå filmen med den realistiske forfattaren Tore Renberg (lengde 8:38). Undervegs skal du notere ned svar på spørsmåla under filmen:
Tore Renberg angir eit eksakt årstal for oppstarten til realismen i Noreg. Kva for eit? Og kvifor akkurat dette årstalet?
Korleis forandra den norske litteraturen seg i innhald etter inntoget av realismen?
Korleis forandra han seg i skrivestil?
Kvifor kallar Tore Renberg seg sjølv ein realist?
Kva er målet til realistiske forfattarar, ifølge Tore Renberg?
Realistane på 1870-talet skreiv tendensromanar, seier Renberg. Kva betyr det?
Kvifor har Renberg eit ønske om å skrive romanar som "er eit supplement til historieskrivinga?"
Del 2: Diskuter realismeomgrepet i grupper
Sit i grupper. Kor mykje har de eigentleg forstått av realismeomgrepet? Test ut ved å prøve å forklare og utdjupe desse to påstandane:
Tore Renberg skriv realistisk litteratur, akkurat som Alexander Kielland.
Alexander Kielland skreiv litteratur i perioden vi kalla realismen. Det gjer ikkje Tore Renberg.
Del 3: Les og skriv med eigne ord
Tore Renberg forklarer kva som er forskjellen på realismen som litterær epoke og realismen som skrivestil i videoen over. No skal de gå i djupna på temaet ved å lese fagartikkelen "Realismen – både ein epoke og ein skrivemåte".
Les artikkelen og skriv ned minst ti stikkord som skal hjelpe deg å hugse innhaldet.
Legg vekk alle hjelpemiddel, bortsett frå arket/dokumentet du skreiv stikkord på og skriv ein tekst på cirka 150–300 ord der du forklarer kvifor vi kallar realismen både ein epoke og ein skrivestil.
Byt ark/dokument med ein medelev. Be hen lese gjennom det du har skrive og legge til eller kommentere.
Relatert innhald
Forstå realismen ved å prøve deg på teikn-og-forklar-teknikken.
Et dukkehjem, En folkefiende og Gengangere er typiske verk for perioden kritisk realisme. I stykka tek Ibsen opp aktuelle og kontroversielle spørsmål.