Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Korleis samanlikne to dikt

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

Når du skal skrive ein diktanalyse der du samanliknar to dikt, kan du gå fram slik vi viser her. Diktdøma er "Midt i byen" av Rudolf Nilsen og "Signaler" av Rolf Jacobsen.

Når du har gjennomført denne læringsstien, skal du

  • kunne bruke grunnleggjande fagomgrep om lyrikk
  • vite korleis du går fram når du førles og nærles dikt
  • vite korleis du skaper flyt og logisk samanheng i avsnitt
  • kunne skrive ein litterær analyse der du samanliknar to dikt