Hopp til innhald

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Litteraturhistorie

Litteraturen blir forma av forfattarar, og han blir prega av tida han blir skriven i. Lær om utviklinga gjennom tidene, om litterære retningar og om forfattarane. Det er dette som er tekstane sin kontekst.

Romantikk 1800–1850

På 1800-talet byrjar fleire forfattarar og filosofar å tenkje at vegen til djup innsikt og forståing går gjennom kjensler og fantasi. Dei romantiske forfattarane er opptekne av det som ikkje lèt seg forklare berre ved fornuft. Ein hovudtanke i romantikken var òg at ein nasjon har nasjonale særtrekk