Hopp til innhald

Fagstoff

Renessansedramaet

Det franske ordet «naissance» tyder fødsel. «Re-naissance» tyder dermed «å verte fødd på ny». Det som vert født på ny i denne perioden i europeiske kulturhistorie, er dei klassiske ideala i gresk og romersk kunst og kultur. Gjennom kunsten kunne mennesket gi uttrykk for seg sjølv.
Teaterscene der skuespillerne er utkledd. Håndkollorert tresnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit humanistisk menneskesyn

Drama frå denne perioden er prega av humanismen si vektlegging av evna mennesket har til å takle tilveret. Mennesket vart framstilt som eit komplekst, samansett og langt frå feilfritt vesen, som både trur og tviler. Gud er den store skaparen, men mennesket må søkje i seg sjølv for å finne løysing på det mysteriet livet er.

Teateret – ein viktig kulturarena

Den viktigaste kulturelle arenaen på den tida var teateret. Dei fleste vanlege folk var analfabetar. Bøker var dyre og berre tilgjengeleg for aristokratiet. Men teateret var ein samlande arena der alle kunne verte bergtekne av det dei såg og høyrde. Folk var gode lyttarar, og det å fortelje var ein utbreidd tradisjon, så desse dramatiserte forteljingane trekte til seg eit stort publikum.

Skodespelarar og dramatikarar var kjendisar på den tida. Teatera var eigde av aristokratar som tilbaud noko i nærleiken av det vi i dag vil kalle sponsing. Alle skodespelarar var menn; kvinnelege roller vart spelte av unge gutar, noko som også var vanleg i det antikke Hellas. Det er ikkje lett å vite kor mykje publikum forstod av det pompøse og poetiske språket som skodespelarane brukte. Men det som er sikkert, er at teater var umåteleg populært blant folk i alle samfunnsklasser.

Inspirert av gresk teater

Mange renessansetragediar har element som ein kan spore attende til den greske tragediens far, Aiskhylos. Forfattarane lét seg inspirere av diktarar som Sofokles og Euripides. Plott og intrigar er gjerne lånte frå antikken.

Ein tragedie er meint å gjere deg trist og sint, men ikkje alt som gjer deg trist og sint, er ein tragedie. Nokre av dei grunnleggjande tragiske elementa er for eksempel når hovudpersonen vert tvungen inn fatale situasjonar som anten er ei følgje av ein feil i personlegdomen hans, eller av tilhøve som han ikkje har kontroll over. I ein tragedie vil det vonde etter kvart sigre over det gode. Den uskuldige og velvillige hovudpersonen vert driven inn i ei handlingsrekkje som heile tida vert verre av destruktive hendingar. Vanlegvis endar det i døden.

Den siste scena i Shakespeares drama Romeo og Julie er eit klassisk eksempel. Det endar ikkje berre med at dei to elskande ikkje får kvarandre, men begge tek livet av seg. Døden var nærast ein obligatorisk ingrediens i ein tragedie, og i dei fleste tilfella døyr protagonisten på grunn av eiga handling eller ein situasjon han sjølv har framkalla.

Forteljeteknikkar i renessansedramaet

Plottet kan ofte vere ganske komplisert. Populære element kunne vere kamp med sverd, mord, gjengjeldt kjærleik, hemn, svik, gjenferd, hekser og trolldom. Forfattarane spelte på at dei fleste som såg på, var overtruiske.

Ein annan teknikk, som framleis er vanleg i både tragediar og komediar, er å la nokon få informasjon som ikkje var meint for dei. Det kan for eksempel skje ved at det overhøyrer ein samtale frå ein løynd posisjon.

Eit anna populært element er falsk identitet. Hovudpersonen vil då opptre i forkledning, kanskje til og med som ei kvinne, og på den måten vere i stand til å endre det som skjer til eigen fordel. Denne teknikken er mykje brukt i komediar. Publikum veit då meir enn karakterane på scenen, og komplikasjonane som følgjer, har stort komisk potensial.

CC BY-SASkrive av Jan-Louis Nagel.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Humanisme og renessanse 1350-1600