Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Programmering med lister

Lister er nyttige i mange samanhengar.

AP-60

Vi tek opp att tråden frå aktivitetane i artikkelen Lister, der vi endar opp med eit program som reknar ut gjennomsnittet av 4 tal brukaren av programmet skriv inn.

a) Vurdering

Vi ønskjer at brukaren kan bestemme kor mange tal som skal skrivast inn når gjennomsnittet skal reknast ut. På kva måte kan vi få til dette?

Løysingsforslag

Vi kan få dette til ved

  1. at brukaren først skriv inn kor mange tal som skal skrivast inn
  2. at brukaren skriv inn til dømes ein "s" etter at det siste talet er skrive inn

b) Algoritme

Vel éin av dei to metodane frå a), og skriv om på den siste algoritmen frå aktivitetane lengst nede i artikkelen Lister slik at vi får oppfylt ønsket frå oppgåva ovanfor.

c) Koding

Skriv koden til eit program som passar til algoritmen over.

AP-61

Utsnitt av ordsky på bokmål. Ordskya er ei framstilling som visualiserer ei viss mengde tekstdata. Jo fleire gonger eit ord er brukt, jo større blir det i ordskya. Dei største orda i denne ordskya er "digitale", "NDLA", "undervisningen", "verktøy" og "videregående". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

a) Algoritme

Vi ønskjer å lage eit program som kan telje kor mange ord det er i ei setning som brukaren skriv inn.
Skriv algoritmen til eit slikt program.

b) Koding

Skriv koden til eit program som passar til algoritmen over.

AP-62

a) Algoritme

Vi ønskjer å lage eit program som lèt brukaren skrive inn ei setning. Brukaren skal deretter skrive inn ein fritt vald bokstav. Programmet skal deretter finne ut kor mange det er av denne bokstaven i setninga og gi tilbakemelding om det.
Skriv ein algoritme som passar til denne beskrivinga.

b) Koding

Skriv koden til eit program som passar til algoritmen over.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2022

Læringsressursar

Algoritmar og programmering (Python)