Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mediemakt, representasjon og mangfald

Fagartikkel

Representasjon og mangfald i media

Media skal kjennast relevante for alle og treffe breitt. Eit mangfald av stemmer i offentlegheita er ein demokratisk føresetnad. Nyheitsmedia har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.
Video: Jarle Sten Olsen, Eva Sophie Wolff-Hansen / CC BY-SA 4.0

Media skal framstille og representere ulike individ og grupper i samfunnet, dei skal spegle det samfunnet vi er ein del av. Det betyr at nyheiter skal dekkje saker som representerer og treffer alle samfunnslag. Det er viktig at eit breitt utval av grupper og miljø slepper til som kjelder og intervjuobjekt.

Representasjon og kjeldebruk

Nokre menneske kjem lettare til orde og får meir innverknad i samfunnet enn andre. Det kan vere ulike grunnar til det. Økonomi, utdanning og kulturell bakgrunn er faktorar som kan påverke. Undersøkingar viser at menn uttaler seg oftare i media enn kvinner. Politikarar, næringslivsleiarar og kjendisar får dessutan mykje spalteplass.

I eit velfungerande demokrati er det viktig at alle grupper i samfunnet er synlege og har moglegheit til å kome gjennom med stemma si. Undersøkingar viser at media sine kjelder og intervjuobjekt ikkje speglar mangfaldet i samfunnet godt nok. Det gjeld mellom anna representasjonen av innvandrarar, funksjonshemma, homofile og lesbiske i media. Barn og eldre menneske blir òg sjeldan framstilte og representerte i media.

Fattige menneske er ei anna gruppe som sjeldan slepper til som kjelder og intervjuobjekt i media. I Bergens Tidene sin artikkelserie “Historier om fattigdom” sette avisa fokus på fattigdom. Her fortalde dei fattige sine eigne historier gjennom ulike debattinnlegg. Gjennom å vere talerøyr for dei fattige presenterte avisa nye perspektiv på fattigdom. Media påverkar den offentlege debatten i stor grad. Ved å setje ord på vanskelege kjensler opna Monika Schelander og dei andre bidragsytarane opp for ein konstruktiv debatt i Bergen.

Her kan du lese Bergens Tidenes "Historier om fattigdom"


Mangfald av stemmer

Eit mangfald av stemmer i media er ein demokratisk føresetnad. Media skal kjennast relevante for ulike grupper og miljø, dei skal fungere som talerøyr og ta vare på interessene til heile befolkninga. Media har makt til å påverke kva og kven som slepper til i offentlegheita, pressa har sjølv forankra samfunnsansvaret sitt gjennom Ver Varsam-plakaten.

«Pressa tek vare på viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.» (Ver Varsam-plakaten, 1.2)


Kjelde

Mathisen, B. & Morlandstø, L. (2019). Blindsoner og mangfold. Oslo: Orkana Akademisk.

Pressas Faglege Utval (2015). Ver Varsam-plakaten. Henta 15. april 2020 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/vvpl-nynorsk/

CC BY-SA 4.0Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020