Hopp til innhald

Fagstoff

Kva vil nettbrukaren eigentleg ha?

Lag ei nettside som er enkel og brukarvennleg og lèt brukaren raskt finne det han eller ho treng. Her får du nokre tips slik at du kan lage gode nettsider for nettbrukaren.
Kvinne med hijab sit ved eit arbeidsbord med datamaskin og noterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukaren skal ikkje møte motstand

Ein nettbrukar må finne fram og forstå utan tenking og gjetting. Brukaren skal finne, gjere og klikke utan å møte motstand. Designet må vere sjølvforklarande og .

"Ikkje få meg til å tenke" er mantraet til Steve Krug, brukaropplevingsekspert og forfattar av fleire bøker om brukaroppleving.

Brukaren skal finne innhald

Ein nettbrukar kjem vanlegvis til ei nettside for å løyse , ikkje for å beundre ein nydeleg navigasjonsbar, sjå ein automatisk biletkarusell av tilsette eller klikke på eit par–tre pop up-boksar. La brukaren komme raskt fram til viktig innhald.

Finn ut kva brukaren leiter etter og ønsker å løyse på nettsida. Plasser det synleg på nettsida, det er særleg viktig i mobilversjonen som har mindre skjermflate. Mindre viktig innhald kan plasserast mindre synleg eller takast bort. Informasjon bedrifta ønsker å tone ned, må òg vere lett å finne. Slikt innhald kan vere "klag på vare", "sei opp abonnement", "meld deg ut" eller "avbestill".

Kutt innhald og ha med berre det som er relevant. Nettsida blir meir effektiv og brukarane meir fornøgde. Slett innhald som ikkje blir brukt fordi det ikkje er relevant, eller fordi det har dårleg kvalitet. Du vil spisse innhaldet til det brukaren vil ha og målet til bedrifta eller organisasjonen bak nettsida.

Bruk kjernemodellen som verktøy for å lykkast.

Døme: Telenor tok bort 80 prosent av nettsidene sine

Telenor kutta 80 prosent av innhaldet på nettsidene i 2010.

Resultata vart

  • ei dobling av talet på klikk på kjøp og bestill-knapp på enkelte sider

  • 35 prosent mindre e-post til kundeservice

  • at kundane ifølge testar fann det dei leitte etter

Nettsida må fokusere på brukaroppgåvene

Ha fokus på brukaroppgåver når du prioriterer innhaldet på ei nettside og på ein nettstad.

  1. Identifiser brukaroppgåvene på ei nettside

  2. Gjennomfør spørjeundersøkingar der brukarar rangerer hovudoppgåver.

  3. Analyser resultata.

Mann sit framom stasjonær datamaskin og ser frustrert ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Identifiser oppgåvene

Finn ut kva slags oppgåver ein brukar vil løyse på nettstaden. Lag ei lang liste, men ikkje over 100 ord. Ulike brukaroppgåver kan du finne ut ved å

  • analysere dagens nettstad (viss det finst) eller liknande nettstader

  • intervjue brukarar og kundar

  • intervjue nøkkelpersonar i bedrifta eller organisasjonen som står bak nettsida

  • sjå på tilgjengeleg statistikk og søkeloggar dersom nettstaden finst frå før

  • setje deg inn i kva bedrifta ønsker å kommunisere

2. Ranger hovudoppgåver i spørjeundersøking

Lag ei liste på inntil 100 ord med brukaroppgåver på ei nettside. Gi lista til personar i målgruppa, og la dei plukke ut oppgåver som er viktige for dei på nettsida. Når hovudoppgåvene er funne, kan desse bli rangerte etter kor viktige dei er for brukaren.

3. Analyser resultata

Bruk dataa frå spørjeundersøkinga, og finn dei viktigaste brukaroppgåvene på nettstaden. Gjer prioriteringar og la dei viktigaste oppgåvene vere godt synlege. Mindre viktige oppgåver kan leggast mindre synleg.

Innhald som brukarar i liten grad er interessert i, og som bedrifta eller organisasjonen ikkje er oppteken av, kan slettast. Slik blir nettstaden meir effektiv og lettare å . Det aukar òg sjansen for at kvaliteten på det innhaldet som ligg ute, kan vere god, sidan det blir ei meir handterleg mengde å halde ved like.

Oppsummering

Finn ut kva brukarane treng og vil ha på ein nettstad. Lag innhaldet og plasser det synleg. Nettsida blir meir effektiv og brukarvennleg, og brukaren blir fornøgd. Gjer det med eksisterande nettsider eller om du bygger opp ei ny nettside.

Ha fokus på kjernesider

Enkelte undersider og populære brukaroppgåver kan vere såkalla supersider, òg kalla . Dei fleste besøker nettstaden for å bruke akkurat desse sidene og løyse brukaroppgåvene sine. Legg ned krefter på at særleg desse sidene er gode, oversiktlege og oppdaterte.

Mange kjem òg direkte til desse supersidene gjennom nettsøk eller deling i sosiale medium, nyheitsbrev eller frå andre nettsider. Gjer det derfor oversiktleg og lett å skjønne kvar brukaren har hamna, dersom denne kjernesida er ei underside på ein nettstad.

Nettinnhaldet er oppdatert og blir jamleg halde ved like

Ha oversikt over innhaldet som ligg på sidene og hald det jamleg ved like. Hald eit godt auge med kjernesider. Dersom det er ei bedrift som tilbyr tenester, må prisliste og tenester vere oppdaterte. Det kan bli dårleg stemning om kundane kjem til ein restaurant og forventar meny og prisar som dei fann på nettstaden, og så viser det seg at menyen har vorte endra og prisane har gått opp.

Ligg det innhald ute som eigentleg er fyllstoff, altså innhald som er lite brukt eller utdatert, bør du slette eller endre det slik at det blir oppdatert og får verdi for brukaren.

Kjelder

Dalen, O. & Rønjum, E. H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Krug, S. (2014). Don't Make Me Think Revisited. A Common Sense Approach to Web and Mobile Usability. New Riders Publishing.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2021

Læringsressursar

Planlegging og vedlikehald av nettinnhald