Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriving i idéutviklingsfasen

Skriveleikar kan sleppe fantasien laus og gi dykk fleire idear når de utviklar ei historie. Her er to samarbeidsøvingar som de kan bruke i idéfasen av eit medieprosjekt.
Ei ung kvinne med langt rett hår og briller sit ved eit bord og snur seg og ser mot oss. Rundt bordet sit tre andre og diskuterer, den eine ser på eit nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musetrappa

I denne øvinga er målet å lage ei historie saman. De skal byte på å skrive setningar, utan at de veit kva dei andre har skrive frå før.

Slik gjer de:

  • Dann grupper på tre personar. Brett eit A4-ark som ei musetrapp med ca. 10 trinn.
  • På det første trinnet skriv ein av dykk ein igangsetjande setning. Til dømes: «Ho vakna neste morgon på ein ukjend stad.»
  • Same person brettar trinnet slik at dei andre ikkje kan sjå kva som har blitt skrive, og gir pennen til neste person.
  • Neste person skriv vidare på historia ved å leggje til ei ny setning. Hugs å brette inn arket etterpå, slik at dei andre ikkje kan lese kva som har blitt skrive. Send arket vidare, og byt på å skrive til alle trinna er ferdig utfylte.
  • Les til slutt historia høgt for kvarandre, og reflekter saman. Gir historia meining? Kvifor, kvifor ikkje? Er det noko som kan endrast slik at historia heng betre saman? Kva fekk de ut av øvinga? Blei de meir kreative?

«Så skjer det noko»-leiken

I denne skriveleiken øver de på å skape brot og spenning i ei historie. Det skal de gjere ved å skrive «så skjer det noko»-lappar. Lag di eiga igangsetjande setning, eller vel eitt av desse scenarioa for å starte historia:

  • Eg gjer meg klar til skulen.
  • Eg dreg innom butikken.
  • Eg går og legg meg.
  • Eg bankar på døra.


Alle skriv forslag til kva som kan hende vidare, på ulike lappar. Skriv: «Så skjer det noko …» på ein lapp, og beskriv kva som hender.

Til dømes: «Så skjer det noko. Eit høgt skrik forstyrrar meg.»

Slepp fantasien laus! Lag mange lappar, legg dei i ein bunke, og les til slutt lappane i tilfeldig rekkjefølgje. Korleis utviklar historia seg? Gir ho noka meining? Fekk de nokre innspel som de kan ta med dykk vidare?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2021

Læringsressursar

Samarbeid i kreative prosessar