Eigenvurdering
Eigenvurdering for emna i kreativitet, produksjon og prosess
Har du fått eit innblikk i korleis du kan drive idéarbeid? Har du fått testa ulike teknikkar for idéutvikling og samarbeid i kreative prosessar? Sjekk ut denne eigenvurderinga, og sjå kva du har fått med deg frå emna i kreativitet, produksjon og prosess.
- Eg veit kva det vil seie å bruke eigen kreativitet, åleine og saman med andre.
- Eg kan bruke ulike teknikkar for idéutvikling.
- Eg kan gi mi vurdering av ein idé.
- Eg meistrar teknikkar for skisseteikning.
- Eg forstår at idéutvikling er ein prosess ein må bruke tid på.
- Eg kan presentere ein idé for andre.
- Eg kan lage moodboard, tankekart, pitch og storyboard.
- Eg kjenner til nokre av desse kreative metodane: tankekart, kleshengar, dialogkafé, ABC-metoden, rollespel og/eller NABC-metoden.
Eg har blitt meir klar over korleis eg kan drive kreative prosessar med andre.
FAGOMGREP | |||
---|---|---|---|
Kreativitet | Idé | Idéutvikling | Inspirasjon |
KFK-modellen | Moodboard | Pitch | Tankekart |
Skisse | Preproduksjon | Storyboard | NABC-metoden |