Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Innhaldsanalyse av ein nettstad

Jo betre du kjenner ein nettstad, jo enklare er han å halde ved like. Ein innhaldsanalyse er ein god stad å byrje. Ein nettstad kan bestå av ei hovudside og nokre få undersider, eller mange tusen sider i ein avansert struktur. Gjennom ein innhaldsanalyse får du oversikt over kvalitet og relevans.
Illustrasjon som viser ei forenkla skisse av ei nettside, bygd opp av boksar. Ved sida av boksen står overskriftene "kvalitet" og "relevans" over fem små fargeboksar, der raudt betyr dårleg kvalitet/relevans, gult betyr middels, og grønt betyr høg kvalitet/relevans.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Ein innhaldsanalyse skaffar deg oversikt over tilstanden på innhaldet til ein nettstad. Det er ei slags vareoppteljing. Du set opp ei oversikt over alt innhaldet, lagar lister over titlar, lenkjeadresser og plassering i hierarkiet og gjer ei vurdering av kvalitet og relevans.

Finst det tal over trafikk på nettstaden, gir det nyttig informasjon som førebuing til ein innhaldsanalyse. Slike data gir opplysningar om kva sider og som er mest brukte, og kor lang tid brukarane bruker på enkeltsider. Informasjonen er nyttig som utgangspunkt for ein innhaldsanalyse.

Kvifor gjere ein innhaldsanalyse?

Det er fleire grunnar til å gjere innhaldsanalysar:

  • Du får ei god oversikt over type innhald på nettsida.

  • Det kan beskrive kva som kan vere problematisk ved innhaldet.

  • Det gir grunnlag for ei felles forståing for kvaliteten på innhaldet.

  • Det hjelper deg til å finne ut kva sider som er naudsynte og ikkje.

  • Det konkretiserer vedlikehaldsarbeidet.

Slik gjer du ein innhaldsanalyse

Teamet etablerer ei felles forståing for kriterium som skal brukast i innhaldsanalysen. Gjennomfør dei første evalueringane saman, slik at de sikrar ein lik bruk av kvalitetskriterium og har ei felles tolking av kvalitet på sidene. Fordel arbeidet mellom dykk etter kvart.

Store nettstader kan ha mange titusen undersider. Då bør det gjerast eit utval av kva sider som skal gjennomgåast. På store nettstader kan analysen avgrensast til éin seksjon, éin kategori eller éin innhaldstype.

Vurder kvaliteten på innhaldet

Kvalitet kan vere så mykje.

  1. Bestem dykk for kva de skal vektleggje.

  2. Lag felles vurderingskriterium før de startar analysen.

  3. Bruk rekneark.

  4. Lag ein eigen kolonne i reknearket der kvaliteten blir beskriven.
    Bruk ord og fargekoding. Til dømes ord som god, mindre god, dårleg og slett.

  5. Lag ein eigen kolonne med forklaring på kvifor innhaldet er bra eller dårleg. Kategoriser etter kvalitet og relevans. (Bruk modellen nedanfor.)

Døme på vurderingskriterium:

  • Teksten er forståeleg og har eit klart språk.

  • Innhaldet er relevant for brukaren.

  • Titlane er gode og passar til innhaldet

  • Sida har god struktur og brukaren finn viktig innhald.

  • Innhald og lenkjer er oppdaterte.

  • Medieinnhald som bilete, illustrasjonar, lyd eller video er av god teknisk kvalitet og passar til anna innhald.

  • Innhaldet er universelt utforma.

  • Lenkjer og knappar til viktige sider og brukaroppgåver er tydelege.

Kva kvalitet og relevans har innhaldet?

Illustrasjonen viser ein modell med fire boksar fordelt i to rader og to kolonnar. Øvst til venstre står det "liten relevans", "høg kvalitet" og "slett", øvst til høgre står det "stor relevans", "høg kvalitet" og "behald". Nede til venstre står det "liten relevans", "låg kvalitet", "slett" og nede til høgre: "stor relevans", "låg kvalitet"  og "forbetre".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kategoriser kvaliteten og relevansen med utgangspunkt i dei fire kategoriane i modellen. Innhald som er lite brukt, kan slettast om det har låg kvalitet og lite relevans. På innhald med stor relevans, men låg kvalitet, må det skje forbetringar, og innhaldet må kanskje plasserast meir synleg på nettstaden.

Bruk analysen som grunnlag når du skal planleggje vedlikehald av ein nettstad.

Døme på innhaldsanalyse av posten.no

Her ser du eit utdrag av innhaldsanalyse av seks kjernesider på posten.no (november 2021). Innhaldsanalysen viser at alt innhaldet er relevant, men at det er potensial for å gjere nokre justeringar for å auke brukskvaliteten for brukaren.

Illustrasjonen viser eit utdrag av innhaldsanalysen av nettstaden posten.no. Det er seks kolonnar nedover og sju bortover, med informasjon om plassering i hierarki, tittel, URL, og markering av kvalitet og relevans. Vurdering av kvalitet og relevans på brukaroppgåvene er markerte med fargar og tal. Gul og grøn farge betyr høg kvalitet og relevans, oransje og lysegrøn markerer middels kvalitet og relevans. I siste kolonne står det kommentarar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Planlegg vedlikehald

Etter at innhaldsanalysen er gjennomført, er det på tide å ta tak i nettinnhaldet. Det er mykje som kan gjerast, og på store nettstader er det avgrensa kva som er realistisk å få til. Derfor må det gjerast nokre val.

  • Skal det vere fleire eller færre sider på nettstaden?

  • Kva skal bort, og kva manglar?

  • Treng nettstaden eller kjernesider eit redesign?

  • Skal det lagast nye tekstar, eller skal tekstar forbetrast?

  • Skal enkelte sider tilpassast ulike målgrupper med ulike versjonar, eller skal ei side lagast uavhengig av målgruppa?

  • Kva endrast, og kva kan endrast? Avgjer grad av hast.

Innhaldsanalyse og revidering bør skje fortløpande

Jobb med innhaldsanalyse og vedlikehald kontinuerleg for ein nettstad, ikkje gjer det berre når nettsida skal redesignast.

Kva som er relevant og har høg kvalitet ein periode, kan seinare bli utdatert eller feilaktig. Då vil det gå ut over brukskvaliteten og verdien til nettstaden for verksemda. Gå derfor gjennom innhaldet med faste intervallar. Avklar kven som har ansvar for innhaldet, kven som skal revidere, og kor ofte det skal gjerast.

Kjelde

Dalen, O. og Rønjum, E. H. (2012). Slik lykkast du endeleg med innhald på nett. Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2021