Redesign ei kjerneside
Kva er kjernemodellen?
Kjernemodellen er ein modell du bruker for å planlegge nettinnhald. Modellen fokuserer på behovet til brukarane, på viktige brukaroppgåver og på måla for verksemda.
Oppdrag
Vel ein av nettstadene under og finn ein kjerneside som du skal redesigne. Det kan vere framsida eller ei anna sentral side med mykje trafikk.
Lag sida for både pc- og mobilvisning. Når du jobbar med kjernemodellen, er det ikkje lov å tenke form, farge eller stil før du har avklart kva som er sentrale brukaroppgåver, og kva verksemda vil oppnå med nettstaden.
Vel ei kjerneside frå ein av desse nettstadene:
Alternativt kan du velje ei kjerneside frå ein nettstad som tilbyr tenester frå nærområdet ditt, som ein frisør, ein røyrleggar, ein svømmehall, ein ungdomsklubb, eit bibliotek eller ein matstad.
1. Mål for verksemda og sentrale brukaroppgåver
Gjer deg kjend med nettstaden. Kva vil du seie er sentrale mål for verksemda?
Kva er sentrale brukaroppgåver på nettstaden? Definer to–tre sentrale brukaroppgåver.
2. Vel kjerneside og lag persona
Vel ut ei kjerneside og lag ein persona med bestemde brukarbehov som du skal ta omsyn til når du planlegg innhaldet på sida. Ta eit skjermbilete av den eksisterande kjernesida, og noter ned nokre stikkord om viktig innhald.
Du kan lese meir om personaer i artikkelen "Slik lagar du personaer".
3. Vegar inn, kjerneinnhald og veg vidare
Mange kjem til sentrale nettsider gjennom søk i Google eller andre søkemotorar. Nokon kjem via framsida, og andre kjem til kjernesida gjennom marknadsføring og deling av lenker.
Skriv ned vegar inn, kva kjerneinnhaldet er, og innhald som kan visast til i vegar vidare. Lenk til relatert innhald eller andre sentrale sider på nettstaden. No kan du skisse opp kva kjerneinnhaldet er.
4. Lag prototype
Korleis kan du sikre deg at brukaren finn fram til viktig informasjon på ein smidig og brukarvennleg måte? Lag ein prototype med skisser, eller lag ein interaktiv prototype i Adobe XD eller andre program som opnar for lenking mellom sider, som PowerPoint.
Lag ein enkel prototype. Ikkje tenk så mykje på utsjånaden. Tenk på innhald, oppsett og brukaroppgåver.
5. Brukartest prototypen
Test ut prototypen på medelevar, personar i målgruppa eller andre. Gi nokre konkrete brukaroppgåver. Du skal ikkje rettleie og seie kvar testpersonen skal klikke eller gå for å finne innhaldet, men observere korleis brukaren tenker og tek seg fram i skissa eller prototypar.
Du kan gi brukaroppgåvene under.
- Finn opningstider.
- Finn eit bestemt tilbod (tilpass til aktuell side).
- Finn ut kvar bedrifta held til.
- Finn sentral informasjon (tilpass til aktuell side).
Bestill time.
Be den som brukartestar som å "tenke høgt" og forklare kvar han eller ho går, og kva han eller ho gjer og tenker. Er det noko testpersonen lurer på som han eller ho ikkje finn ut av seg sjølv? Er det noko brukaren saknar? Notar ned og ta med innspela når du jobbar meir med kjerneinnhald før du startar produksjon av nettsida.