Gjer innhaldsanalyse av ein nettstad
1. Finn ein nettstad, vel ut analysesider
Nokre nettstader er store og komplekse og består av mange undersider. Det kan vere vanskeleg prioritere kva innhald og brukaroppgåver som er viktigast, og kvar det skal plasserast. Andre nettstader er sette saman av få sider, og det er lettare å halde oversikta over innhaldet.
Vel ut ein nettstad, avgrens til ei mengde som er overkommeleg å analysere, og prioriter kjernesider.
Forslag til nettstader som kan analyserast
2. Lag vurderingskriterium for kvalitet
Set opp ei liste over vurderingskriterium for kvalitet som du vil vektlegge i innhaldsanalysen. Jobbar du saman med nokon, må de sikre at de har ei felles forståing for kva kriteria betyr.
3. Lag analyseskjema
Finn ut korleis du skal analysere, og kva kategoriar du skal ha. Bruk Excel-skjema. Hierarki, tittel og URL må vere med.
Du må òg vurdere kvalitet og relevans på innhaldet. Du kan bruke ulike fargar, talverdiar eller nedtrekksboksar med kvalitetskategoriar i reknearket. Det kan òg vere lurt med eit tekstfelt der du kan utdjupe kvifor eit element har låg kvalitet.
Det skal kunne gå kjapt å analysere side for side, og det skal vere lett forståeleg for deg eller andre i etterkant.
4. Gjer analysen
Bruk analyseskjemaet og analyser side for side. Jobbar de i team, går de gjennom nokre sider i fellesskap først. Slik får de forståing for kriteria, brukaren og brukarbehova, og korleis skjemaet skal brukast.
5. Samanfatt funn og prioriter vedlikehald
Trekk ut sentrale tal og viktige funn og samanfatt desse slik at du kan presentere dei for dei som er ansvarlege for nettsidene. Sjå på vurderingane i analyseskjemaet, og kor stor del som har høg, middels og låg kvalitet. Sjå òg på kor mange sider som er relevante og ikkje relevante. Bruk grafikk for å visualisere funna. Gi tilrådingar for vedlikehald og prioriter kva som hastar mest.