Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegging og økonomistyring i elevproduksjonar

Oppgåve

Lag produksjonsplan, kommunikasjonsplan og budsjett

Klassen din skal, i samarbeid med den lokale kinoen, gjennomføre ein filmfestival for skulane i nærområdet. De skal få elevar til å levere film til konkurransen, og til å møte opp på prisutdelinga.

De har sett opp eit filmprogram i samarbeid med den lokale kinoen. Gjennom samarbeidet har de fått billegare billettar mot at de marknadsfører programmet og billettprisane. De er også blitt lova å få 5 prosent av billettinntektene.

  1. Lag skisse til ein produksjonsplan for ein film som skal promotere filmfestivalen.
  2. Lag skisse til ein kommunikasjonsplan.
  3. Set opp eit budsjett for kommunikasjonsarbeidet og marknadsføringa de må gjere i samband med filmfestivalen.
    • Skal de hente inn sponsormidlar?
    • Treng de å trykkje eit program?
    • Skal de setje inn annonse i lokalavisa eller på FB, dele ut løpesetlar på skulane?
  4. Diskuter korleis de skal sikre at rekneskapen endar ut i balanse.
  5. Presenter skisser og argument til klassen.
CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017