Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Tilskjering

Ei tilskjering går raskt å gjere, men har veldig mykje å seie for korleis biletet ditt kjem til å sjå ut. Samstundes som vi lagar nytt utsnitt, kan vi også rotere.
Båt på sjøen og mann som solar seg på svaberg. Foto.

Ovanfor ser du eit HD-utsnitt på skjergardsbiletet. Horisonten er retta opp og biletet tilskore slik at vi klippar bort skumsprøyt i venstrekanten og skipet som stod øvst til høgre.

Det engelske ordet for tilskjering er «crop», og ein finn det vanlegvis i verktøypaletten med eit symbol som ser ut som ei ramme som blir trekt saman.

Når vi startar biletbehandlinga, lagrar vi alltid fila i eit arbeidsformat først. Bruk gjerne Photoshop eller pixlr.com/editor/ og gjer denne øvinga sjølv.

For å nytte verktøyet kan ein dra over det området ein ønskjer å behalde, men ein kan også setje ei rekkje innstillingar. «Proporsjonalitet» eller «oppløysing» er nyttige innstillingar. Skal ein klippe dette biletet for å ha det som bakgrunn i ein HD-film, kan ein setje pikselverdien (1080 x 1920) direkte. Ver merksam på at du ikkje bør setje ein høgare pikselverdi enn biletet har frå før.

Båt på sjøen og mann som soler seg på svaberg. Foto.

Framgangsmåte for eksempelbilete

  1. Vi går til pixlr.com/editor/
  2. Vi vel «opne frå url-adresse» og limer inn denne adressa: http://goo.gl/eYqKwC
  3. Sidan pixlr.com ikkje kan skjere til og rotere samstundes, tek vi først roteringa. I menyen vel vi Rediger > Fri transformering og klikkar og dreg litt utanfor øvste høgare hjørne for å rette opp horisonten.
  4. Vi vel tilskjeringsverktøy.
  5. I nedtrekksmenyen øvst til venstre vel vi «utdatastorleik» i staden for «ingen restriksjonar».
  6. Vi skriv inn verdiane 1920 i breidde og 1080 i høgde.
  7. Vi justerer utsnittet ved å klikke og dra i ramma.
  8. Vi trykkjer «enter» eller dobbeltklikkar for å godta valet.

Alternativ tilskjering: Om du vel «høgde/breiddeforhold» i staden for «utdatastorleik», kan du velje å lage eit kvadratisk utsnitt frå biletet.

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2018