Hopp til innhald
Fagartikkel

Oversikt: Tidlege samfunn

Historisk sett har mennesket stort sett levd eit nomadisk liv som jegerar og sankarar. Jordbrukssamfunn var lenge unntak frå regelen. I moderne tid lever dei aller fleste i avanserte sivilisasjonar.
Dei første nordmennene var nomadiske jegerar og sankarar. I denne videoen kan du sjå korleis og kvifor nordmenn gjekk over til eit meir bufast jordbrukssamfunn i løpet av steinalderen. Video: Arkikon / CC BY-SA 4.0

Når vi snakkar om tidlege samfunn, tenkjer vi på korleis menneske levde for tre, fire eller fem tusen år sidan, og heilt tilbake til opphavet til det moderne mennesket for nærare 200 000 år sidan. Mesteparten av denne tida har mennesket levd som jegerar og sankarar. Nokre stader har menneske busett seg meir fast, byrja å dyrke jorda og danna jordbrukssamfunn. Nokon av desse samfunna har igjen utvikla seg til meir avanserte samfunn med skriftspråk, arbeidsdeling, rettssystem og statsdanningar, og vorte såkalla sivilisasjonar.

Det er viktig å vere klar over at jegerar og sankarar, jordbrukssamfunn og sivilisasjonar ikkje må oppfattast som epokar i verdshistoria med ei byrjing og slutt. Dette er berre ulike måtar å organisere samfunn på. Det finst framleis jeger- og sankarsamfunn, jordbrukssamfunn og samfunn som går over til å bli sivilisasjonar. Jordbrukssamfunn og sivilisasjonar har oppstått uavhengig av kvarandre på ulike stader i verda til ulike tider.