Hopp til innhald

Fagstoff

Statsadministrasjonen frå 1660-talet

I løpet av tiåra etter innføringa av arveeineveldet sette kongen i verk store endringar i administrasjonen av riket. Lensordninga blei gjord om. Lena blei omdøypte til «amt», med «stiftamt» som den overordna eininga.
Gammalt noregskart delt inn i dei fire stiftsamta. Koparstikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Amt og stiftamt

Det var fire stiftamt i Noreg: Akershus, Stavanger (frå 1682 Kristiansand), Bergenhus og Trondheim. Under stiftamta låg amta. I 1670 var det 12 amt, i 1814 hadde talet auka til 18. I tida etter 1660 heldt kongen og sentraladministrasjonen hardt på kontrollen, men utover 1700-talet blei det etter kvart meir lokalt sjølvstyre.

Embetsmenn

Stiftamtmannen stod øvst på rangstigen. Under seg hadde han amtmennene og embetsmenn som var knytte til dei oppgåvene som amtet skulle utføre. Også kyrkja sine folk var embetsmenn i statsapparatet. For den jamne nordmann skjedde møtet med staten gjennom fire embetsfolk: soknepresten, som tok seg av dei kyrkjelege tenestene i soknet, futen (eller fogden), som var skatteoppkrevjar, offentleg påtalemakt, politi og utøvar av straffene, sorenskrivaren, som var dommar på bygdetinga og elles hjelpte til i juridiske saker, og til slutt kompanisjefen, som hadde ansvar for utskriving av soldatar og for forsvaret. Bygdetinget var det nærmaste nivået der folk kom i kontakt med staten. Dit gjekk dei med nabokranglar, klager på statlege embetsmenn og andre problem som dei måtte ha hjelp frå staten til å løyse.

Ryggen på gamle arkivbøker der det står Sorenskrivaren i Follo på.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som kjenneteikna det gamle lenssystemet, var at adelen og lensherrane sat som mellommenn mellom kongen og befolkninga. Ikkje berre gav dette adelen mykje makt, men det innebar òg at det var store ulikskapar mellom dei ulike delane av riket og lite kontakt mellom dei. Under eineveldet var det eit poeng å flytte lojaliteten til befolkninga frå regionane og adelen til krona og riket. Fleire tiltak blei sette i verk for å få dette til. Mellom anna blei det innført eit felles skulesystem, der undervisninga la vekt på truskap til kongen. Også innføringa av eit felles system for mål og vekt, som erstatta regionale system, var viktig for å binde dei ulike delane av riket tettare saman.

Skulesystemet

Allmennskulen i Noreg er nøye knytt til forskriftene om konfirmasjon, som kom i 1736. Gjennom konfirmasjonsundervisninga ville staten syte for at den oppveksande slekta hadde same forståing av kristendommen. Forståinga skulle sjølvsagt falle saman med den forståinga av trua som kongen og staten hadde. Sentrale undervisningsmål var derfor truskap til kongen, fedrelandet og autoritetane i samfunnet. Med autoritetar meiner vi staten sine embetsmenn, men òg foreldre.

Portrett i halvfigur av ein mann med kvit parykk, forseggjort kappe og krage. Portrettet er ramma inn av ei ramme med latinsk skrift. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfirmasjonen blei eit ritual som dei unge måtte igjennom for å kunne tre inn i dei vaksne sine rekkjer. Dei fekk undervisning i kristendom, men for å få betre kjennskap til Bibelen måte dei òg kunne lese! Frå 1739 blei det derfor innført ei lov om allmugeskular på landet. Lova innførte eit skulesystem der alle fekk undervisning i kristendom og lesing, og dessutan i skriving og rekning. Dei to siste faga var frivillige. Det blei òg undervist i geografi og historie, og der det var aktuelt, også i morsmål.

Allmugeskulane frå 1739 gjorde at vanlege folk i Danmark-Noreg var betre til å lese enn det som var tilfellet i mange andre europeiske land. Frå allmugeskulane kunne flinke elevar gå vidare til dei meir spesialiserte latinskulane i byane, og etter kvart òg til universitetet i København.

Mål og vekt

Litt forenkla kan vi seie at før eineveldet hadde kvar region hatt sitt eige målesystem. I Noreg hadde til dømes kornmåla variert. Kjøpte du ei tønne korn i Bergen, fekk du ikkje den same vekta som i Trondheim eller Oslo. Og ingen av dei var like det dei brukte på Sjælland eller på Island.

Når folk skulle handle utanfor eigen region, måtte dei kjenne dei lokale mål- og vekteiningane. Eller dei konverterte til anten «københavnsk» eller «kølnsk» vekt (vekteining brukt i Köln). Konverteringa var særleg brukt i samband med betaling av skatt. Men det var lett å rekne feil, ta høge gebyr eller kanskje stikke noko i eiga lomme når ein konverterte. Det skjedde særleg når personen som skulle samle inn pengane, hadde sterkast lojalitet til den lokale lensherren, og ikkje til kongen.

I 1683 innførte derfor kongen eit nytt mål- og vektsystem, som alle delane av det dansk-norske riket skulle bruke. Som del av systemet blei det òg innført rutinar for å sikre at måle- og vegereiskapane som blei brukte, var rette. No blei det enklare å handle mellom regionane. Handelstransaksjonar blei meir føreseielege, og det blei vanskelegare å gjere underslag eller motarbeide dei økonomiske interessene til staten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017

Læringsressursar

Dansketida