Hopp til innhald

Fagstoff

Nederland som økonomisk stormakt i Europa og verda

Den økonomiske stormakta i Europa på 1600-talet var Nederland. Landet markerte seg også i andre delar av verda med handelspostar i Asia og koloniar i Amerika.
Kvite bygningar langs vasskanten med flagg frå høvesvis Danmark, Spania, Frankrike, USA, Sverige, Storbritannia og Nederland. Det ligg skip i forgrunnen av biletet. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fraktarar

I Europa bygde nederlendarane seg opp som fraktarar, og gjennom at dei låg strategisk til, vart landet også ei omfordelingshamn. Varer som tømmer frå nord og vin frå sør, korn frå aust og tekstil frå vest i Europa vart lossa om og sende ut igjen. Nederland vart ein viktig mottakar av norsk tømmer, fisk og kopar, og i retur kom det meir luksusprega varer som vin frå Sør-Europa. Nederlendarane avgrensa likevel ikkje handelsaktivitetane sine til Europa. Dei var aktive også i både Asia, Afrika og Amerika.

To store seilskuter som kjem sailende inn og blir møtt av fleire mindre båtar og skip. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisering av handel

Suksessen til nederlendarane botna i måten dei organiserte handelen på. Dei store, oversjøiske handelsekspedisjonane var kostnadskrevjande og svært risikofylte. Utgifter for skip, mannskap og last måtte dekkjast, og ferda var farefull. Det kunne ofte ta fleire år før skipa, om dei returnerte, kom i hamn med varer som kunne dekkje utlegga. Ein viktig føresetnad var å spreie den finansielle risikoen som ekspedisjonane utgjorde, på fleire hender. Slik vart risikoen spreidd, samstundes som handelskompaniet sikra seg pengar til å sende ut fleire ekspedisjonar.

Det nederlandsk-ostindiske kompaniet etablerte utover 1600-talet handelspostar i Asia, med Batavia i Indonesia som den fremste. Derifrå styrte kompaniet all handelsaktiviteten sin i Aust-Asia, og sytte for at særleg laster med krydder og silke, og etter kvart te og porselen, kom tilbake til Europa. Det konkurrerte også mellom anna med portugisarar, engelskmenn og frå slutten av 1600-talet også med skip sende ut av Det dansk-ostindiske kompani; på dansk heitande Ostindisk Kompagni. Nederlendarane tapte terreng frå slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet av. England tok over som økonomisk stormakt, både i Europa og i fjerne strok, og heldt den posisjonen langt ut på 1800-talet.

Når ein snakkar om europearane sin aktivitet i Asia på denne tida, er det viktig å hugse at samanlikna med det store talet som var aktive i handelen i Asia, både lokale og andre, var europearane få. Kva europearane sine aktivietetar hadde å seie i Asia på 1600- og 1700-talet, blir framleis diskutert av historikarane. Det er klart at europearane kom til som ein ny aktør, og dei hadde i mange tilfelle overlegne våpen, men sidan dei var få, måtte dei hevde seg på andre måtar. Påverknaden dei hadde, var difor heilt avhengig av evnene og høva deira til å posisjonere seg i lokale konfliktar. Ein vanleg brukt taktikk var å love våpen og krut til ein part i ein lokal konflikt, i byte mot privilegert handel med varer som det var etterspurnad etter i Europa.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 03.10.2017

Læringsressursar

Tidleg moderne tid