Hopp til innhald

Fagstoff

Innføring av kristendommen – verknaden for folk flest

Innføringa av kristendommen påverka heile samfunnet. Det nye religiøse systemet stod på mange måtar i strid med det livet ein hadde levd tidlegare. Nye skikkar, nye ideal og nye tabu blei til i skjeringspunktet mellom den gamle og den nye gudstrua.
Stavkirka på Rødøya slik vi kan se for oss at kirken og omgivelsene så ut i middelalderen. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endringar i tenkjemåte

Kristendommen blei innført gradvis, og i ei tilpassa form. Likevel førte den nye religionen til at visse sider ved samfunnet måtte endrast.

Noko av det mest uvande må ha vore omgrepet «synd». Rett nok hadde ein hatt reglar for rett og gale også før innføringa av kristendommen, men no blei ein òg ansvarleg overfor Gud. Ein kunne rett og slett risikere å kome til helvete. Samtidig skjedde det òg ei endring i kva som var synd eller ikkje. Seksuelle relasjonar utanfor ekteskapet blei til dømes tidlegare sett på som noko ganske normalt, men no blei dette absolutt forbode. Det same gjaldt ein del norrøne skikkar som no blei sett på som barbariske, til dømes det å setje ut uønska barn i skogen for å døy.

I tillegg til den nye førestillinga om synd, førte kristendommen òg med seg andre endringar i måten å tenkje på. Æresomgrepet, som i stor grad hadde vore knytt til mot og krigarvilje, endra seg. Med den nye religionen blei også ære noko som skulle knytast til Gud og det å vere ein god kristen. Nestekjærleik, audmjukskap og tilgiving var kristne ideal som var ganske revolusjonerande for det norrøne samfunnet.

Korleis folk såg på døden, må òg ha endra seg grunnleggjande. Vikingane sitt ideal var å gå fryktlaus inn i døden, men no blei det stilt spørsmål om ein i det heile var verdig ein plass i himmelriket. Førestillinga om helvetet og skjærselden må ha gjort møtet med døden til ei skremmande oppleving for mange.

Praktiske endringar

Den største endringa for folk må ha vore overgangen frå den private gudsdyrkinga til den organiserte. Medan den gamle religiøse kulten kunne utførast heime eller på mindre stader, med ulike leiarar, blei kristendommen noko som presteskapet skulle ta seg av. Ein kunne ikkje kome i direkte kontakt med Gud, men var nøydd til å vende seg til han via ein spesialist – presten. På denne måten hadde kyrkja monopol på gudsdyrkinga og kunne bestemme kvar, korleis og ved hjelp av kven ho skulle gå føre seg. Spesielt blei dette gjeldande for kvinner, som tidlegare kunne ha ein sentral plass i gudedyrkinga. No fekk dei ikkje lenger ha sentrale posisjonar i det religiøse livet.

Relatert innhald

Vi seier gjerne at kristendommen blei innført i Noreg i 1030, ved slaget på Stiklestad og den seinare kanoniseringa av Olav den heilage.

CC BY-SASkrive av Annikken Johansen og Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020

Læringsressursar

Norsk mellomalder