Utforsk: Tysklandsproblemet
Tyskland har vore i sentrum av Europas historie dei siste 200 åra. Plasseringa og maktpotensialet i landet har skapt både moglegheiter og utfordringar. I denne oppgåva skal du utforske korleis andre stormakter i Europa har forhalde seg til Tyskland etter ulike konfliktar.
Oppgåve 1. Tysklandsproblemet
Les først artikkelen om tysklandsproblemet. Deretter løyser du oppgåvene nedanfor.
Kva meiner ein med det såkalla tysklandsproblemet?
Korleis vart tysklandsproblemet handtert etter samlinga av Tyskland i 1871, etter første verdskrigen og etter andre verdskrigen?
Kva kan vi lære av fredsoppgjera etter første og andre verdskrigen? Kva har vorte gjort rett, og kva burde vorte gjort annleis?
Korleis er Tysklands rolle i Europa og verda i dag?
Oppgåve 2. Fred og forsoning
Undersøk ein konflikt i verda etter 1945. Korleis har dei involverte partane prøvd å skape fred og forsoning?
Korleis burde ein tapande part etter ein krig bli behandla?
Finst det døme på vellykka fredsoppgjer?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022