Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologiutvikling i din og familien sin kvardag

I dagens samfunn er teknologi ein viktig del av kvardagen til dei aller fleste. Tenk til dømes på mobiltelefonar, oppvaskmaskiner og transport til skule og jobb. Men korleis har teknologien du og resten av familien bruker, utvikla seg?
Kvinner og menn sit på rekkje ved fleire bord. Til høgre sit det ein mann som ser ut til å overvake det heile. Personane på biletet er telegrafistar ved Bergen telegrafstasjon i 1899. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag tek du kanskje teknologien for gitt, men kva er historia bak den teknologien du bruker, og korleis utvikla han seg fram til slik vi kjenner han i dag? Til dømes er ikkje mobiltelefonen veldig ny i historisk samanheng. Kva var det første dømet på at folk kunne ta kontakt med kvarandre utan å skrive brev?

Oppgåve 1. Utforsk historia bak

Vel deg tre ting som du bruker i kvardagen, og som på ein eller annan måte er prega av teknologi.

  1. Kvifor valde du nettopp desse tre tinga? Forklar.

  2. Utforsk deretter historia bak desse tre tinga. Klarer du å finne ut når dei dukka opp for første gong?

  3. Korleis vart dei brukte før?

Oppgåve 2. Samanlikn med andre i familien

Når du har valt dine ting, spør du nokon andre i familien din kva dei rekna som den viktigaste nye teknologien då dei vaks opp.

Viss du har moglegheit til å spørje slektningar som høyrer til besteforeldregenerasjonen eller er endå eldre, vil du nok oppleve endå større forskjellar på kva som var nytt og spennande då dei var unge, samanlikna med i dag.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Industrialisering og teknologiske omveltingar