Lag din eigen graf over ytringsfridommens historie
Del 1: Førebuing
Du skal bruke artikkelen "Ytringsfridommens historie" for å løyse oppgåva. Les artikkelen før du startar på oppgåva.
Set dykk saman parvis eller i små grupper. I denne oppgåva skal de bruke læringsstrategien "levande graf" av historiedidaktikar Erik Lund.
Del 2: Oppgåve – Levande graf
De skal gruppevis teikne ein historisk graf som viser korleis utviklinga av ytringsfridom har utvikla seg over tid. Grafen skal innehalde ein tidsakse (x-aksen) og ein "verdiakse" (y-aksen). Verdiaksen skal vise ein skala frå 1–10 som illustrerer grad av ytringsfridom. Verdien 10 viser at det er full ytringsfridom utan avgrensingar. Verdien 1 viser svært lite ytringsfridom.
Lag ein graf som viser korleis ytringsfridommen har utvikla seg frå 1750 til i dag. Ta utgangspunkt i Noreg.
Vel ut minst to hendingar de meiner har påverka utviklinga i stor grad, anten positivt eller negativt.
Del 3: Plenum
Alle para eller gruppene presenterer grafen sin for resten av klassen. Del kva de har funne ut. Kva to hendingar har de valt å framheve? Kvifor har de valt nettopp desse to?
Kjelde
Lund, E. (2006). Tren Tanken. Læringsstrategier og læringsstiler i samfunnsfag. Håndbok til Aschehougs samfunnsfagserie for ungdomstrinnet. Aschehoug.