Korleis redusere risikoen for ei uønskt hending?
De har no skaffa dykk ei oversikt over aktuelle farar og problem, kva fare dei representerer, og kor sannsynleg det er at noko gale skjer.
De har òg gjort ei vurdering av risiko knytt til farane og problema de har kartlagt.
De bør no vurdere følgande:
Er det mogleg å fjerne risikoen fullstendig?
Kva kan de gjere for å hindre at hendingane skjer?
Kva kan de gjere for å avgrense konsekvensane dersom det likevel skulle skje?
Har de gjort alt regelverket pålegg dykk å gjere?
Er det sikring i samsvar med anerkjende industrinormer, standardar og god praksis?
Har de sørgt for tilstrekkeleg informasjon, instruksjon og opplæring?
Kanskje har de teke forholdsreglar allereie – er dei tilstrekkelege, eller må de gjere meir?
Det er tilrådd å først sjå på tiltak som kan redusere sjansane for at farane eller problema skjer, og deretter sjå på tiltak som kan redusere konsekvensen. Det er oftast rimelegare å førebygge enn å reparere.
Døme: bruk av vinkelslipar
Vinkelsliparen skaper mykje støy, og om mogleg er det kanskje betre å flytte bruk av vinkelslipar til eit støybeskytta område enn å utstyre alle i nærleiken med høyrselsvern?
Ut frå dei punkta du har komme fram til under kartlegginga og risikoanalysen, kan du no setje opp ei prioritert liste over tiltak i ein handlingsplan. Start med det viktigaste først.
Betydelege farar eller problem med høgt sannsyn og stor konsekvens kan vere viktigast. Tiltak som er enkle, raske og rimelege bør òg prioriterast høgt. Desse er det ingen grunn til å vente med. Det er viktig at det kjem tydeleg fram kva som skal gjerast, når det skal vere gjort, og kven som har ansvaret for at det blir gjennomført.
Filer
Det er viktig at økonomiske utfordringar ikkje blir eit hinder for å innføre tiltak som sikrar arbeidstakarane. Dersom bedrifta eller skulen ikkje har økonomi til å handtere den risikoen som høyrer til bruk av ei maskin eller gjennomføring av eit arbeidsoppdrag, skal ingen tilsette bli sette til å gjennomføre arbeidsoppdraget.