Hopp til innhald

Fagstoff

Mindre matjord, fleire munnar å mette

Verdas matjord forsvinn. Også Noreg kan få store problem med å fø befolkninga om det skulle oppstå ei global matvarekrise. Sjølv om vi bur i eit av verdas minst folkesette land sett i forhold til geografisk storleik, har Noreg mindre dyrkbar jord enn noko EU-land. Og det blir stadig mindre.
Reklameskilt langs vegen, som står tett innpå dyrka mark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matjorda blir ofra

– Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor vi skal vere bekymra for matproduksjonen, men godt over 90 prosent av landet er ueigna til jordbruk. Og dessverre ligg ein stor del av den dyrkbare jorda i nærleiken av byar og tettstader i sterk vekst, seier Wenche Dramstad ved Norsk institutt for skog og landskap.

I Noreg blir matjord ofra for å bygge kjøpesenter, motorvegar og bustadfelt i eit tempo som svarer til cirka 6 500 store villahagar (6 500 dekar) i året. Totalt i Europa blir matjordareal som svarer til storleiken på Berlin, dekte med asfalt kvart år.

– Her i landet er problemet at stat og kommune ofte hamner i skvis. Er ein til dømes villig til å ofre grøntareal i byane for å hindre at byane eser ut og "stel" omkringliggande matjordareal? Eller kva med å seie nei til at eit kjøpesenter blir bygd på eit jorde utanfor byen, når ein veit at store økonomiske interesser står på spel? Når slike konfliktar blir sette på spissen, er det dessverre ofte matjorda som blir den tapande parten, seier Dramstad.

Ørkenspreiing

Sør-Amerika med raude og svarte felt og gule flekker. Satellittfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis bevare balansen mellom ei aukande befolkning sitt behov for bustader, infrastruktur og næringsutvikling på den eine sida og evna til å produsere mat på den andre? Dette er ei problemstilling som bekymrar stadig fleire. FN erklærte 2015 som jordsmonnår for å setje søkelys på problemet, og åtvara om at matproduksjonen i verda vil bli stadig meir redusert dei kommande åra dersom ingenting blir gjort.

– Aukande urbanisering legg stadig beslag på jordområde ved at dyrkbar kvalitetsjord blir liggande under bygningar, veg og annan infrastruktur. Forureining, avskoging og dårleg landbrukspraksis er andre menneskelege årsaker til at naturlege prosessar som jorderosjon og ørkenspreiing blir påskunda, seier assisterande generalsekretær i FN-sambandet, Rune Arctander.

Sjølvforsynt?

Eit av dei viktigaste argumenta for jordvern i Noreg er prinsippet om at vi som land skal kunne vere sjølvforsynt om nødvendig. Nokon meiner dette er ein gammaldags og lite økonomisk berekraftig tankegang, for mykje av maten vi et i dag, blir produserte utmerkt godt i andre land. Deretter blir han importert til Noreg og blir billigare enn om vi hadde produsert han sjølv.

– Akkurat her og no kan det argumentet kanskje verke logisk. Men ein skal ikkje mange tiåra tilbake før situasjonen var ein annan – då Noreg var langt fattigare og folk til dømes dyrka vinterforsyninga av poteter i eigen hage. Befolkninga i verda aukar stadig, og landområde elles i verda er under sterkt press. No kjøper rike land som Saudi-Arabia opp store jordbruksområde i Afrika, til dømes, og store konsern investerer i matjord elles i verda. Dette gjer dei fordi dei trur mat og matjord blir mangelvare, åtvarar Wenche Dramstad.

Ho påpeikar at ein ikkje treng å gå lenger tilbake enn til åra 2010–2011, då Russland forbaud eksport av kveite på grunn av rekordhete og skogbrannar, for å sjå kor sårbare vi eigentleg er.

– Og kven hugsar ikkje vår eiga "smørkrise" frå nokon år tilbake, då smørmangel førte til hamstring og tomme butikkhyller? Tenk deg at sjukdom, dårleg vêr eller eit vulkanutbrot plutseleg gir små avlingar elles i verda. Vil dei landa som vanlegvis eksporterer store mengder jordbruksprodukt, kjenne mest ansvar for å fø oss i Noreg eller si eiga befolkning? Slike uventa hendingar kan jo strengt teke skje når som helst, legg ho til.

Jorda lovverna

Landbruks- og matdepartementet har no sett i gang arbeidet med ein jordvernsstrategi som skal leggast fram for Stortinget i løpet av året. Blant tiltaka som blir vurderte, er meir konsentrerte bustadbygging, bremsing av veksten i transport gjennom betre samordning av samferdselsprosjekt og flytting av trua matjord.

Noreg har også lover som skal sikre vern av jorda. Mellom anna står det klart og tydeleg i jordlova at "dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon".

– Lova er veldig tydeleg, men dessverre finst det unntaksreglar som gjer det mogleg å unngå å følge ho. Den beste jordvernsstrategien ville kanskje ganske enkelt vere å fjerne unntaka, seier Dramstad.

Hesjer med høy på grøn mark framfor eit raudt fjøs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smått er godt

Eit anna mogleg tiltak er å bevege seg bort frå industrielt jordbruk og tilbake til småbruka ein gjerne kjenner frå tradisjonelt norsk landbruk.

– Undersøkingar viser at det på verdsbasis er dei små, familiedrivne jordbruka som er mest berekraftige. I motsetning til industrielt jordbruk der overproduksjon, skadelege sprøytemiddel og kunstgjødsel er med på å fjerne næringsinnhaldet i jorda, nyttar familiebøndene billige og klimavennlege metodar som vernar jordsmonnet, lagrar klimagassar i jorda og tek vare på økosystemet. Jord er ein ikkje-fornybar ressurs, så når ho blir tilstrekkeleg øydelagd, kan ho ikkje "gjenopplivast", legg Rune Arctander til.

Fakta om matjord

  • Ifølge den norske jordlova skal ikkje dyrkbar jord brukast til andre formål enn jordbruk.
  • Likevel er det dei siste åra rapporterte om ei årleg omdisponering av rundt 6 500 dekar dyrka og dyrkbart jordbruksareal, ifølge nettsidene til Landbruks- og matdepartementet.
  • Berre tre prosent av arealet i Noreg er dyrka jord. Det er særleg den beste matjorda, som finst nær byar og tettstader, som er utsette for press.
  • I St.meld. nr. 9 (2011–2012) blir det lagt vekt på jordvern. Der står det mellom anna: "Regjeringen mener at det med landets begrensede areal for matproduksjon, er viktig med et sterkt jordvern og en politikk som utnytter jordbruksarealene".
  • FN åtvarar at dersom avskoging og fjerning av matjord held fram i same tempo som i dag, vil verda i framtida kunne oppleve matvarekrise.

(Kjelder: Bioforsk, FN-sambandet, Lovdata)

Hugselappen

  • Aukande urbanisering legg stadig beslag på jordområde.
  • I Noreg blir matjord ofra i eit tempo som svarer cirka til 6 500 dekar i året.
  • Forureining, avskoging og dårleg landbrukspraksis er årsaker til at naturlege prosessar som jorderosjon og ørkenspreiing blir påskunda.
  • Undersøkingar viser at det på verdsbasis er dei små, familiedrivne jordbruka som er mest berekraftige.

Kjelder

FN-sambandet. Verdensdag for jordsmonn. Henta frå https://www.fn.no/Om-FN/FN-dager/Kalender/Verdensdag-for-jordsmonn

Gundersen, G.S., Steinnes, M. & Frydenlund, J. (2017). Nedbygging av jordbruksareal. (2017/14). Statistisk sentralbyrå. Henta frå https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/_attachment/310909?_ts=15c86aeed70

Jordlova. (1995). Lov om jord (LOV-1995-05-12-23). Lovdata. Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1995-05-12-23

Meld. St. 9 (2011–2012). Landbruks- og matpolitikken — Velkommen til bords. Landbruks- og matpolitikken. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld-st-9-20112012/id664980/

Regjeringa.no. (2021, 12. oktober). Omdisponering av jordbruksareal. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/landbrukseiendommer/innsikt/jordvern/omdisponering-av-jordbruksareal/id2009560/

CC BY-SASkrive av Axel Sandberg og NTB.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2018

Læringsressursar

Jord og jordsmonn