Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Symptom på hjerneslag

Personar i alle aldrar kan blir ramma av hjerneslag, men dei fleste er eldre menneske. Rask behandling er ein avgjerande faktor ved hjerneslag, derfor er det sentralt at du kan identifisere symptom og varslar på eit tidleg tidspunkt.
Mann som sit på ein benk på ei strand. Hodet hans heng framover, og han sit litt skeivt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Finn ut kva som er typiske kjenneteikn ved hjerneslag.
  2. Kva er forskjell på hjerneinfarkt og hjernebløding?
  3. Kva er "eit drypp"/TIA?
  4. "Tid er hjerne". Kva trur du eigentleg blir meint med denne fråsegna? Kvifor er det viktig å fokusere på tid når det gjeld behandling av hjerneslag?

Gruppeoppgåver

  1. Demonstrer korleis ein gjennomfører "prate-smile-løfte"-prosedyren på ein medelev.
  2. Byt roller og gjer oppgåve 1 på nytt.

Relatert innhald

Hjerneslag oppstår når eit område i hjernen ikkje får tilført tilstrekkeleg oksygen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp