Arbeidsoppdrag
Første dag i småbåt
I dette arbeidsoppdraget skal du lære dei viktigaste sjøvegsreglane, du skal ro ein båt med årer, føre båt med påhengsmotor på ein trygg måte, fiske med sluk frå land, og du skal kjenne namnet på fem aktuelle fiskeartar.
- Alle tek på seg redningsvest.
- Læraren går kort gjennom korleis vi bruker skulen sin båt med påhengsmotor og skulen sin robåt, og kva område de har lov til å føre båtane i, i denne undervisningsøkta.
- Læraren repeterer dei viktigaste sjøvegsreglane. Vi ser saman på sjøkart for området og finn sjømerke, oddar og skjer på kartet og i verkelegheita.
- Vi fordeler oss på tre grupper, som held på med kvar aktivitet i 45 minutt. Gruppemedlemmene sørger for at alle får øve på alle arbeidsoppgåvene.
- Gruppe 1 gjer klar båten med påhengsmotor, startar opp og øver på å føre båten trygt og legge til kai trygt. Læraren er med i denne båten.
- Gruppe 2 to gjer klar robåten og øver på å ro. Øv på å ro framover, rygge og svinge, og på å ro effektivt og rettlinja i den retninga du bestemmer deg for.
- Gruppe 3 fiskar med sluk frå land.
- Når alle har øvd på alt, samlast vi for å bestemme kva fiskeartar vi har fanga, og ta vare på fangsten.
Vi går gjennom oppgåvene på dette arket og repeterer det gruppa ønsker.
- Vi ryddar og vaskar båtane og gjer eigenvurdering.
- dagstursekk
- mat og drikke for å vere ute heile dagen (gjerne varm drikke)
- klede (genser, vindtett jakke / varmedress)
- joggeskor eller gummistøvlar
- sitjeunderlag
- eventuelt fotoapparat
Lærarane sørger for flytevestar, drivstoff til båten, fiskestenger og handsnøre.
Dette kan du etter å ha gjennomført økta:
- gjere båten sjøklar (ta sikkerheitssjekk, sjekke drivstoff, lense båten, laste båten forsvarleg)
- gjere greie for krava til sikkerheitsutstyr i småbåt og sjekke om utstyret er på plass
- forklare korleis du bruker sikkerheitsutstyret i båten
- fortelje kva vi kan gjere dersom motoren stansar
- fortelje kva vi kan gjere dersom nokon skulle falle i vatnet
- fylle rett type drivstoff og starte påhengsmotoren
- føre båt med påhengsmotor trygt
- legge til ved kai og inntil ein annan båt (avpasse farten, gjere det på ein trygg og behageleg måte for passasjerane)
- forklare kva ytre forhold du må ta omsyn til for å kunne føra båten trygt (stikkord: straumar og vind, vêrmelding, botnforhold, tidevatn)
- ro båten med årer dersom båten har det
- tilpasse påkledninga etter vêr og aktivitet
- nemne minst fem fiskeartar som finst i dette området
- forklare korleis du bruker fiskestong med sluk og handsnøre
- forklare korleis du kan ta vare på fangsten
- rydde og vaske båten når turen er over
- fortøye båten forsvarleg
Vurdering
Last ned skjemaet "Eigenvurdering: Første dag i småbåt" og gjer eigenvurdering. Vurdering med karakter blir avtalt med lærar.