Hopp til innhald

Fagstoff

Filigranssølvsmed

Filigranssølvsmeden lagar utsmykkingar til bunader og folkedrakter ved å bruke sølvtråd og sølvkuler til å skape dekorative mønster, ofte festa til ei sølvplate.

Filmen som viser produksjonen av ei sølje, er laga av Gry Grindbakken, Galleri Grindbakken.

Filigran

Fil betyr tråd, og gran er små kuler. Vi kjenner filigran best frå søljer til bunader og festdrakter. Kjenneteiknet på filigransarbeid er at det er sett saman av mange små metalldelar. Tynne trådar blir bøygde, fletta eller vridde og blir sette saman med små kuler til ulike mønster. Mønstera blir lodda saman eller lodda til eit underlag.

Metalltråd montert på ei plate blir brukt til å lage filigransdekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filigranssølvsmed

Ein filigranssølvsmed lagar bunadssølv som søljer, beltespenner, knappar og halsringar og ulike smykke som kjede, armband og øyrepynt. Reparasjonar og restaureringar av filigransarbeid er òg ein del av arbeidet.

Som filigranssølvsmed bør du kjenne til tradisjonar, symbol og geografiske særpreg. Kreativitet og formsans er viktig. Du må òg vere nøyaktig i arbeidet ditt.

Sølvsølje med filigransdekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Utdanninga for å bli filigranssølvsmed er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling eller vg1 teknologi- og industrifag. Det andre året vel du vg2 gull- og sølvsmedhandverk. Etter to år i lære i filigranssølvsmedfaget kan du ta sveinebrev. Dersom du ønskjer å ta vidareutdanning etter å ha fått nok praksis, kan du òg ta meisterbrev i filigranssølvsmedfaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Gull- og sølvsmedhandverk