Komposittbåtbyggjar
Som komposittbåtbyggjar kan du få i oppgåve å byggje nye båtar, produsere delar til større båtbyggjeri eller utføre reparasjon og vedlikehald. Når du utbetrar skadar, skal båten få tilbake den opphavlege styrken, stivleiken og funksjonen i tillegg til ein fin utsjånad. Komposittbåtbyggjaren jobbar òg med tekniske installasjonar.
Komposittbåtbyggjarar bruker materiale som blir brukte i tradisjonell og moderne båtbygging. Dei formar stål og metall og bruker komposittmateriale og plast. Då treng du kunnskap om tørkeprosessar og omarbeiding. I tillegg må du kjenne til mekaniske sambindingsmetodar, liming og overflatebehandling. Kvalitetssikring og HMS er ein viktig del av arbeidet.
Fagarbeidaren skal i samarbeid med andre kunne planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere arbeidet sitt på ein slik måte at det òg kan leie til nytenking og produktutvikling. I dette arbeidet jobbar du med design og konstruksjon og bruker teikning og visualisering. Arbeidsplassen kan vere små eller mellomstore bedrifter.
Du treng kunnskap om båtstruktur, båtkonstruksjon, innreiingar og tekniske installasjonar. Det er viktig at du har godt handlag og praktisk sans, og at du er nøyaktig. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Utdanninga for å bli komposittbåtbyggjar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling eller vg1 teknologi- og industrifag. Etterpå vel du vg2 båtbyggjar. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er komposittbåtbyggjar.
Relatert innhald
Komposittmateriale eller kompositt er ei samlenemning for blandingsmateriale der ein utnyttar dei gode eigenskapane til kvar del.