Hopp til innhald
Fagartikkel

Gruppeprosessen

Gruppeprosess er måten ei gruppe utviklar seg og samarbeider på over tid. Den utviklinga ei gruppe gjennomgår, er avhengig av det samspelet som finst mellom gruppemedlemmene.

Du vil kunne finne ulike måter å dele inn gruppearbeidet i faser på; noen har opp mot ti ulike faser, mens andre har færre. Vi har valgt å presentere denne inndelingen for deg:

1. Bli-kjend-fasen

Dette kan vere når du begynner i ein ny klasse eller på ein ny arbeidsplass. Du har behov for å bli kjend med dei andre og finne din plass. Denne fasen er ofte litt ustrukturert. Har gruppa ein leiar, er det hennar jobb å hjelpe til med å finne ein struktur.

  • Alliansar
    Av og til blir det danna alliansar. Vi finn ut kven vi liker, og kven vi ikkje liker. Som profesjonell yrkesutøvar bør vi ikkje delta i alliansar som svekkjer det arbeidet som skal gjerast.
  • Hierarki
    I denne fasen bruker ein gjerne litt tid på å finne ut kva posisjonar den enkelte har, kven som er leiar for gruppa, og kva posisjon ein sjølv har.
  • Normer og reglar
    For at du skal fungere godt i gruppa, er det viktig å finne ut kva for reglar og normer som gjeld i den aktuelle gruppa. Som profesjonell yrkesutøvar må du likevel vurdere dei reglane som gjeld i gruppa, opp mot dei forventningane som blir stilte til deg.

2. Fasen for etablering av «vi-kjensle»

Når vi er blitt betre kjende med kvarandre, gjeld det å få gruppemedlemmene til å oppleve og forstå at dei har felles interesser av å fungere godt saman. Da legg vi gjerne vekt på korleis vi tek vare på kvarandre, at vi er oppmerksame, hjelpsame, støttande osv.

3. Arbeidsfasen

Når medlemmene i gruppa kjenner kvarandre og har ei klar oppfatning av å høyre saman som ei gruppe, ligg forholda til rette for å kunne utføre oppgåvene på ein god måte. Sjølv om medlemmene i gruppa har kome i gang med prosjektet sitt, kan det sjølvsagt oppstå problem også i denne fasen.

  • Konfliktar
    I alle grupper kan det oppstå konfliktar som krev evne og vilje til konfliktløysing.
  • Ujamn fordeling av arbeidsoppgåver
    I mange grupper er det slik at nokon vel å gjere minst mogleg, medan andre gjerne vil bestemme alt. Årsakene til dette kan vere mange, men ei gruppe som fungerer godt, diskuterer dette og kjem fram til ei arbeidsfordeling som fungerer for alle.

4. Avslutningsfasen

Nokre grupper har ei klart tidsavgrensa arbeidstid, for eksempel eit gruppearbeid på skolen. Kor godt eller vanskeleg den enkelte synest det er når gruppa skal brytast opp, kan variere. Ein som skal gå av med pensjon etter lang tid på ein arbeidsplass, kan kjenne sorg knytt til oppbrotet. Ein som har jobba i ei gruppe som ikkje har fungert, kan gle seg til å sleppe konfliktane som har vore i gruppa.


Utfordringar til deg:

  1. Korleis passar denne inndelinga med dine erfaringar frå gruppeprosessar?
  2. Kva heiter dei ulike fasane?
  3. Kva er ein allianse?
  4. Forklar: «Ein allianse kan gjere sterk, men vere svært uheldig.»
  5. Normer. På arbeidsplassen din har gruppa du høyrer til, lange kaffipausar, mykje lengre enn dei har krav på. Korleis skal du stille deg til dette?
CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2020