Kva er emosjonell førstehjelp?
Flight-fright-freeze-respons er ulike reaksjonar du kan møte ved stressande situasjonar som til dømes alvorleg ulykker eller sjukdom. Når du er kjend med desse ulike reaksjonane, er det enklare å handtere dei når du er midt i ein alvorleg situasjon.
![Ei ung jente i gul genser får trøst av to venninner. Den eine held rundt ho, og den andre held handa på skuldra hennar. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/BI8zfPOY.jpg?width=1024)
Individuelle oppgåver
- Kva betyr emosjonell førstehjelp?
- Finn ut kva flight-fright-freeze-respons er når det gjeld emosjonell førstehjelp.
- Lag eit tankekart over ord/uttrykk som du meiner er sentrale ved emosjonell førstehjelp.
- Hent ut seks ord/uttrykk frå tankekartet, og forklar kva du legg i ordet/uttrykket.
- Forklar omgrepa:
- tillit
- empati
- sympati
- omsorg
- sorg
- anerkjenning
- bodskap
- etikk
Gruppeoppgåver
- Tenk på ulike situasjonar der ein kan oppleve ein flight-fright-freeze-respons, og diskuter korleis ein bør handtere situasjonen.
- Samanlikn tankekartane dykkar. Reflekter og diskuter saman rundt orda og uttrykka som er beskrivne. Kvifor er dette sentralt i emosjonell førstehjelp?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020