Hopp til innhald

Fagstoff

Internkontrollforskriften

Arbeidsmiljølova regulerer arbeidet med helse, miljø og sikkerheit i ditt yrke. Systematisk helse, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS-arbeid) kallar vi også internkontroll.

Internkontrollforskrifta

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) gjeld for all verksemd som er omfatta av bestemte lover som behandlar ulike helse-, miljø- eller sikkerheitsomsyn.

Du kan gå ut frå at ho gjeld for bedrifta du arbeider i, så sant den produserer, sel eller tilbyr varer og tenester. Først og fremst er internkontroll arbeidsgivaren sitt ansvar, men alle tilsette har både rettar og plikter i samband med HMS-arbeidet.

Heile forskrifta hos lovdata.no.

HMS-arbeidet skal dokumentera

  • kva mål verksemda har for helse, miljø og sikkerheit
  • korleis verksemda er organisert, blant anna fordeling av ansvar og oppgåver innanfor HMS
  • korleis kartlegging av risiko er gjennomført (brev, rapportar, måleresultat og liknande)
  • kva som skal gjerast, når og av kven, for å fremje helse, miljø og sikkerheit (handlingsplan)
  • rutine for å handtere feil og manglar
  • korleis ein gjennomgår HMS-rutinane for å sikre at dei fungerer etter føremålet.

Fakta om Arbeidstilsynet

Hugs

  • HMS er forkortinga for helse, miljø- og sikkerheit.
  • Det er arbeidsmiljølova som regulerer arbeidet.
  • HMS-arbeid blir også kalla internkontroll.
  • HMS-forskrifta er knytt opp mot ei rekkje lover og forskrifter og blir forvalta av fleire etatar.
  • Som elev og lærling må du følgje ein rettleiar dagleg og vere oppteken av HMS-opplæringa i ditt yrke.
CC BY-SASkrive av Arbeidstilsynet.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

HMS for arbeidsgjevaren