Gravør
Mykje graveringsarbeid går i dag føre seg maskinelt, men sølvgravørane arbeider i stor grad manuelt som tidlegare, med inngravering av inskripsjonar og mønster. Som gravør bør du vere flink til å teikne, ha god formsans og vere nøyaktig. Kundar er privatpersonar og ulike firma.
Sølvgravør
Sølvgravøren bruker teikningar og handverktøy til å lage ulike inngraveringar på gjenstandar i sølv, gull eller stål. Typisk er inskripsjonar på barnekrus, dåpstallerkenar, pokalar, bestikk og smykke. Arbeidet blir utført med ei gravørkule og ei rekkje stiklar, reiskap som liknar på ein syl. Gravørstikkelen blir ført etter det oppteikna mønsteret.
Stålgravør
Stålgravørane lagar relieffgravering av pregeverktøy som stansar og formar, som skal brukast til masseproduksjon av ulike produkt og stempel for bruk i bankar, postvesen og andre bedrifter. Bedrifter kan spesialisere seg på til dømes skiltproduksjon.
Stålgravørane bruker, i tillegg til handverktøy, gravørmaskiner og anna maskinverktøy til metallarbeid. Etter kvart har databasert teknologi vorte teke i bruk.
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Gravørfaget er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling.