Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag ei nettside for kantina på skulen din

Kantina på skulen din treng ei nettside for å gi informasjon om vekemenyen og varene dei sel. I denne oppgåva skal du lage ei slik nettside.

Tenk deg at kantina på skulen din treng ei nettside for å gi informasjon om maten dei sel. Mange skulekantiner serverer ein eller fleire varmretter som varierer frå dag til dag, i tillegg til faste matvarer som bagettar, bollar, drikke og sjokolade. Du skal lage ei nettside som viser menyen denne morgonen og dessutan ei liste over varer og prisane på varene. Ta gjerne utgangspunkt i utvalet på di eiga skulekantine.

Vekemenyen og andre varer, med prisar, skal hentast frå ein Cloud Firestore-database og visast fram på sida. Det skal òg vere mogleg for tilsette i kantina å endre vekemenyen via nettsida, utan å måtte gå inn i databasen eller redigere kode.

Tips
  • Lag to samlingar (collections), ei med vekemenyen og ei med andre varer med prisar.

  • Lag to åtskilte nettsider: ei som viser fram menyen og prisar, og ei nettside for å redigere vekemenyen. Til dømes kan det vere fem tekstboksar for å skrive inn vekemenyen og ein knapp som legg informasjonen inn i databasen.

  • Sida for å redigere menyen ville typisk krevje innlogging, men du kan skjule ho ved å ikkje lenke til ho frå hovudsida, slik at ein må vite URL-en for å komme til ho. Dette er likevel veldig usikkert, så denne metoden er berre for enkel testing. Dersom ei slik løysing blir publisert på nett, kan uvedkommande få tilgang til databasen din og moglegheit til å sabotere nettsida di eller gjere noko verre. Om nettsida faktisk skal vere i bruk, må du lage ei ordentleg innlogging. Dette kan du gjere via Google-sida "Firebase Authentication".