Hopp til innhald

Fagstoff

Innhausting av korn

Er du korndyrkar, er innhaustinga, eller treskinga, årets mest spennande tid. Du ønsker deg fint, varmt vêr, gjerne med litt vind.
Utsikt frå førarhuset til ein skurtreskar som haustar korn på ein stor, flat åker. Foto.

Tresking

Innhaustinga (treskinga) av korn skjer normalt i august til oktober. Vi ønsker oss fint og tørt vêr fordi det forenklar sjølve innhaustinga med skurtreskaren. Kornet må vere modent, og vassinnhaldet bør helst vere under 20 prosent. Er vassinnhaldet høgare, vil det bli problem med å treske kornet. Det ideelle haustetidspunktet for korn, økonomisk og praktisk, er når vassinnhaldet er på 15 prosent. Nedbør i innhaustingsperioden fører til utsett haustetid, og dette kan gi dårlegare kvalitet på kornet og lågare pris for bonden. Ein langvarig nedbørsperiode når kornet er modent, kan i verste fall øydelegge delar av avlinga.

Kornet kan leverast direkte til eit kornmottak eller ei mølle, eller det kan lagrast i eiga korntørke på garden.

Film om innhausting av korn (6:29)

Sjå filmen, og gjer oppgåvene etterpå.

Oppgåver til filmen

  1. Korleis ønsker vi at kornplantane skal vere når vi haustar dei?

  2. Korleis kan vi undersøke om kornet er modent?

  3. Kornet bør stå oppreist for å få best mogleg resultat av treskinga. Kva tiltak kan vi gjere for at kornet held seg mest mogleg oppreist?

  4. Kva er det viktig at den som køyrer treskaren, tenker på for å få så god tresking som mogleg?

Halm

Halmen er stråa frå kornplantane og eigentleg eit restprodukt etter at vi har treskt kornet. Halmen kan utnyttast på fleire måtar. Vi kan nytte han som fôr, tidsfordriv, strø, brensel, eller vi kan la han bli på åkeren.

Som fôr er halmen mest aktuell for dyr som ikkje treng eit veldig energirikt grovfôr. Dette kan til dømes vere ammekyr. Grisene vil gjerne ha halm i bingane som strø og tidsfordriv, og som strø er halm framifrå for sau og kalvar. Halm kan òg nyttast som brensel for oppvarming av både bustadhus og andre hus på garden.

Sist, men ikkje minst, er det fordelar med å la halmen bli igjen på åkeren. Ved å pløye han ned aukar vi innhaldet av organiske materiale i jorda. Dette er gunstig for jordstrukturen, og spesielt i einsidig kornproduksjon er innhaldet av organisk materiale ofte lågt.

Halmballar ligg spreidde utover ein nyslått kornåker. Foto.
Kjelder

Bratberg, E. (2020, 27. august). Halm. I Store norske leksikon. https://snl.no/halm

NLR Østafjells. (2021, 24. mars). Halm som fôr når grovfôret ikke strekker til. Norsk landbruksrådgiving. https://ost.nlr.no/fagartikler/grovfor/halm-o-l/ostafjells/halm-som-for-nar-grovforet-ikke-strekker-til

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2023

Læringsressursar

Hausting og lagring