Hopp til innhald
Fagartikkel

Om produksjon og tenesteyting

Faget produksjon og tenesteyting er under utvikling. Kva planar har vi, og korleis jobbar vi med å bygge opp dette faget?

Produksjon og tenesteyting

Faget produksjon og tenesteyting er stort og femner mange ulike emne. Vi bur i eit land med store klimavariasjonar, noko som medfører store forskjellar i kva produksjonar som er aktuelle i sør og nord. Men mange emne i faget er like aktuelle uansett kvar du held til.

Fagressursane i produksjon og tenesteyting skal dekke heile læreplanen (LK20). Dette omfattar grunnleggande evner, kjerneelement, tverrfaglege tema og kompetansemål.

Struktur

Faget er delt inn i fleire hovudemne. Vi planlegg å ha desse hovudemna:

  • Generelt om husdyrproduksjon

  • Storfe

  • Sau og geit

  • Griseproduksjon

  • Fjørfe

  • Generelt om planteproduksjon

  • Jord og klima

  • Korn

  • Frukt og bær

  • Potet

  • Grønnsaker

  • Grovfôr

  • Plantedyrking i regulert klima

  • Køyretøy, bygningar, maskiner og teknisk utstyr

Parallelt med utviklinga av produksjon og tenesteyting bygger vi òg opp faget forvaltning og drift. Til saman dekker desse to faga læreplanen i vg2 landbruk og gartnarnæring (LGA02‑03).

Slik jobbar vi

Vi som jobbar i redaksjonen, er Ingrid Ellen Resell (fagansvarleg), Anne Langerud og Vigdis Jonsen. Alle tre jobbar ved Skjetlein vidaregående skole i Trøndelag. Thomas Bedin er læremiddelansvarleg/redaktør og jobbar på Malakoff vidaregående skole i Østfold. Saman planlegg og produserer vi innhaldet.

I tillegg samarbeider vi med andre lærarar rundt om i landet. Lærarar og elevar på pilotskular testar ut noko av det vi lagar, og dei gir oss nyttige tilbakemeldingar på kva som fungerer bra. Vi samarbeider òg med fleire av organisasjonane i landbruket.

Ulike typar innhald

Når vi lagar faget, er vi opptekne av å lage innhald som er variert og best mogleg tilpassa elevane på vg2 landbruk og gartnarnæring. Fagartiklane vil ha ein god kombinasjon av tekst, bilete, oppgåver, illustrasjonar, videoar, animasjonar og simuleringar.

Oppgåvene er av ulike typar, som interaktive oppgåver, praktiske oppgåver og oppgåver til filmar.

Vi publiserer fortløpande

Vi publiserer emne etter kvart som dei blir ferdige, slik at de kan begynne å bruke desse ressursane. Planen er at faget skal vere klart til bruk før skulestart hausten 2025.

Innspel

Vi vil gjerne ha innspel på planane våre og det vi lagar. Viss du har forslag og ønsker om kva vi skal ha med: Ta kontakt! Du kan sende e-post til fagansvarlig ingrid.resell(at)ndla.no eller bruke knappen "Spør NDLA" nedst på sidene våre dersom du har spørsmål eller innspel til innhaldet. Du kan òg komme med innspel i Facebookgruppa NDLA naturbruk.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2023